via nav · 28 May 2026 ·10 days ago

Rådgjevar

NPI - Forsking, kompetanse og internasjonalisering, Vestland fylkeskommune
Bergen
331 more jobs in Bergen.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du vere med å forme eit meir sirkulært Vestland? Skal vi møte framtidas utfordringar må vi tenkje nytt om korleis vi produserer, brukar og tek vare på ressursane. Sirkulær økonomi er ein nøkkel i denne omstillinga. Vestland fylkeskommune har ei viktig rolle i å drive denne utviklinga framover. Som regional samfunnsutviklar koplar vi næringsliv, kommunar, forskingsmiljø og verkemiddel saman, og bidreg til utvikling av nye løysingar og samarbeidsformer. Gjennom finansiering av forsking og utvikling, kompetansebygging og mobilisering legg vi til rette for omstilling som skapar både berekraft og verdiskaping i heile fylket. No søkjer vi ein engasjert og nysgjerrig kollega i eit vikariat som vil vere med å styrkje satsinga på sirkulær økonomi. Her vil du inngå i eit team som jobbar tett på både forsking, næringsliv og offentleg sektor – i skjæringspunktet mellom kunnskap, praksis og politikk. 
Vikariatet gjelder for perioden 17.08.26 - 30.04.27. Nyutdanna oppfordrast til å søkje.

ArbeidsoppgåverDelta i arbeidet med å få fram meir forsking og utvikling om sirkulær økonomi og sirkulære løysingarJobbe med å formidle kunnskap og byggje kompetanse på sirkulære løysingar i næringslivet og kommunaneProdusere og formidle innhald om regionalt finansiert forsking i digitale kanalarTa del i behandling av søknader om økonomisk støtte til sirkulære løysingar og andre regionale utviklingsområdeVere med å arrangere konferansar og samlingarAndre oppgåver knytt til forsking og formidling KvalifikasjonarDu har utdanning på minimum bachelornivå frå relevante fagområdeKunnskap om og interesse for sirkulærøkonomiKjennskap til forskings- og utdanningssektorenErfaring med og interesse for digital formidlingGod kunnskap i norsk og engelsk både skriftleg og munnlegPersonlege eigenskaparDu kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.Gode relasjonelle eigenskaparEvne til å kommunisere med ulike grupper Gode analytiske evnerEvne til å ta ei heilskapleg tilnærming og sjå tematiske koplingar Evne til å raskt setje seg inn i nye fagområdeSjølvstendig og initiativrikVi tilbyrHos oss får du:

ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardagei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetansegode moglegheiter for fagleg utviklingløn etter avtalegode offentlege pensjons- og forsikringsordningar 

KontaktinformasjonKathrin Jakobsen, seksjonssjef, 98255253

ArbeidsstadLars Hilles gate 22

5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5128423451

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 17.08.2026

Sluttdato: 30.04.2027

Søknadsfrist: 14.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
331
jobs in Bergen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,448
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bergen?
Currently 331 roles in Bergen on AlmostHired, across 110 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.