via nav · 29 May 2026 ·8 days ago

Rådgiver økonomistyring

Økonomistyring, Helse Møre og Romsdal HF
Molde Full-time
39 jobs in Molde — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Er du ein kunnskapsrik og engasjert økonom som har lyst på ein spennande jobb med mange utviklingsmoglegheiter? 
Om du er nyutdanna eller erfaren, kan du vere akkurat den vi ser etter.

Helse Møre og Romsdal er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket, med eit driftsbudsjett på om lag 10 milliardar kroner. Økonomiavdelinga har eit sterkt og godt fagmiljø med rundt 50 tilsette, og er eitt av dei største økonomimiljøa i fylket. Fleire i avdelinga har brei erfaring med helseøkonomi, kombinert med verdifull kompetanse frå privat næringsliv. Vi er organiserte i fire seksjonar med ansvar for lønn og rekneskap, innkjøp og logistikk, analyse og økonomistyring.

Vi er no på jakt etter å styrke seksjon for økonomistyring som per i dag har 10 tilsette. Dei har hovudansvar for budsjettering, rapportering og økonomistyring, og jobber tett saman i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, samt tett på leiarar i foretaket.

Det er ein fordel om du har erfaring med økonomistyring i større komplekse organisasjoner, og gjerne også erfaring som controller slik at du kan bidra til å utvikle seksjonen. Som rådgiver i økonomistyring er du ein sentral ressurs for leiinga av ein klinikk, både i oppfølgingen av dagleg drift, men også når det gjeld viktige strategiske beslutningar og retningsvalg for klinikken og foretaket. I tillegg vil du få ansvar for andre tverrgåande og overordna økonomioppgåver – dette vil vi tilpasse etter kva slags kompetanse du allerede har eller kva slags interesser og utfordringer du sjølv jaktar på. 
Økonomiavdelinga har tilsette både i Molde og Ålesund og arbeidsstad kan vere begge stader. Du må påregne noko reising internt i fylket i denne jobben. Vi oppmodar nyutdanna med mastergrad til å søke.

ArbeidsoppgåverLeiarstøtte og rådgivning på økonomiområdet
Budsjett- rapportering og prognosearbeidUtarbeide månedsrapporter og presentasjonarUtarbeide beslutningsgrunnlag og analyserBidra til kompetanseutvikling av leiarar innanfor økonomiområdetAndre controller oppgåverKvalifikasjonarDu har relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivåDu har gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye systemGode excelkunnskaper er ei forutsetning.Det er ønskeleg at du har erfaring med økonomioppfølging og økonomistyringDu har gode munnlege og skriftlege norskkunnskaparPersonlege eigenskaparDu er analytisk, strukturert og ryddigDu er nøyaktig og opptatt av å levere kvalitetDu evner å jobbe både i team og sjølvstendigDu utfordrar og opptrer støttande på same tidDu bidreg positivt til arbeidsmiljøetÅ vere personleg egna vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyrGode mogleheiter for fagleg og personleg utvikling
Ein jobb som gir meining og bidreg til å skape verdi i samfunnet
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attester og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til søknaden din.  

KontaktinformasjonEivind Monsås, Økonomisjef, +47 99504575

ArbeidsstadJulsundvegen 47B

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5136563385

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
39
jobs in Molde
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Molde?
Currently 39 roles in Molde on AlmostHired, across 13 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.