Rådgivar / seniorrådgivar- Operasjonell risikostyring og internkontroll
Om stillingaI Vest politidistrikt har vi ledig ei fast stilling som rådgivar operasjonell risikostyring og internkontroll ved Seksjon for virksomhetsstyring, økonomi og juridisk funksjon. For spesielt kvalifiserte søkjarar vil ein vurdere tilsetjing i stilling som seniorrådgivar.
Vi søkjer ein erfaren rådgivar innan operasjonell risikostyring og internkontroll. I denne rolla vil du bidra til å identifisere og handtere dei mest kritiske operasjonelle risikoane på tvers av heile politidistriktet. Du blir ein sentral sparringspartnar for leiinga og jobbar med område som identifiserer, vurderer, handterer og følgjer opp risikoar i den daglege drifta, slik at uønskte hendingar blir førebygde eller konsekvensane reduserte
Vi ser etter deg som er nysgjerrig, trivst med å dykke ned i informasjon og evnar å kommunisere på ein enkel og god måte. Du er engasjert, klarer å tenkje nytt og tek initiativ. Hos oss vil du få ein variert arbeidsdag, eit svært godt arbeidsmiljø og kompetente og hyggelege kollegaer. Vi opererer med høg grad av gjensidig tillit og er opptekne av å spele kollegaene våre gode. I denne stillinga har du moglegheit til å lære noko nytt kvar dag! Du vil arbeide tett saman med tryggleiksrådjgjevar, personvernrådgjevar, controllarar, HMS og andre medarbeidarar innan fagfeltet risikostyring.
Politimeisteren sin stab for verksemdstyring (SVS) har det utøvande ansvaret for politidistriktet si økonomi- og verksemdstyring, samt for strategi og organisasjonsutvikling. I tillegg har SVS blant anna ansvaret for sikkerheitsleiinga, politioperativt materiell, juridisk støtte og dokumentforvaltning.
Stillinga er stadsplassert i Bergen
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarDu trivst i eit miljø der både strategisk forståing og heilskapsblikk er nødvendig for å lukkast. Du er analytisk, strukturert og trygg i vurderingane dine, samstundes som du har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydeleg med ulike fagmiljø. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
ArbeidsoppgåverIdentifisere risikoar knytte til menneskelege forhold, prosessar, system, IT-feil, teknisk svikt m.m.Sikre at internkontrollen er målretta og støttar måloppnåinga i Vest politidistriktFøresetje tiltak og forbetringar i rutinar og prosessar for å sikre måloppnåinga i politidistriktetVere ein god rådgivar, utfordrar og partnar for avgjerdstakarar i spørsmål knytte til operasjonell risiko, innanfor gjevne ansvarsområdeLevere overordna risikoanalysar og status for risikoarbeidet i distriktet til leiinga, i samarbeid med HMS og andre risikomiljøArbeide saman med førstelinjetenesta for å identifisere dei til ei kvar tid viktigaste risikoane i heile organisasjonen, inkludert «emerging risks»Bidra til effektiv og føremålstenleg styring og kontroll av operasjonell risiko i Vest politidistrikt gjennom gode og enkle prosessar og systemAktivt utvikle samarbeidet på området med Politidirektoratet og dei øvrige politidistrikta, og representere politidistriktet i nasjonal internkontrollgruppeBidra til å heve kompetansen og forståinga for operasjonell risikostyring, inkludert bruk av relevante metodar, system og verktøy i politietGi råd og bidra inn i den overordna strategiske risikostyringa i distriktetBidra på andre område ved behov
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan til dømes økonomi-, jus eller liknandeFor stilling som seniorrådgivar er det krav om relevant mastergrad eller tilsvarande og minimum 5 års arbeidserfaring innan relevant fagfeltGod risikoforståing og erfaring med risikobasert tilnærmingErfaring frå operasjonell risikostyringDu må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er òg ønskjeleg med:
Vi vil også vektlegge økonomisk eller juridisk kompetanse Erfaring frå større og komplekse organisasjonar er ein fordel
Personlege eigenskaparSjølvstendig, handlekraftig, initiativrik og med ein effektiv og strukturert arbeidsmåteLeveranseorientertAnalytisk og evnar å formidle bodskap på ein lettfatteleg måte, både skriftleg og munnlegGode evner til relasjonsbygging og eit sterkt ønskje om å gjere andre godeForbetrings-, forenklings- og løysingsorientert – tenkjer politidistriktet sitt beste
Positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljøSom medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel ossEin utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida Stillinga blir løna som rådgivar (stillingskode SKO1434) frå 720 000,- brutto pr. år / seniorrådgivar (SKO1364) frå 820 000,- brutto pr. år . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her. Gode arbeidsvilkår (sommar- og vintertid, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida o.l.)
Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
This listing is from nav. View original listing ↗