Rådgjevar/seniorrådgjevar ruteplanlegging
Vil du vere med å planlegge Skyss sitt kollektivtilbod? Kvart år er det omlag 100 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland. I rushtida er meir enn 1000 bussar i sving for å frakte folk til og frå arbeid og skule, og vi kjøper transporttenester for nær seks milliardar kroner i året. Arbeidet vårt med planlegging av kollektivtrafikken påverker kvardagen til mange, og vi har stor respekt for oppgåva. No treng vi fleire med på laget!
Kollektivtilbodet skal vere eit attraktivt, enkelt og riktig val for dei reisande. Dette krev systematisk arbeid med å bygge opp eit samanhengande kollektivtilbod som er enkelt og tilpassa reisebehova til dei fleste. Det planlagde rutetilbodet med tilhøyrande data er informasjonsgrunnlaget for all informasjon til kunden, og for bestillinga til dei som køyrer for oss. Data om rutetilbodet er også eit stadig viktigare grunnlag for å utvikle nye mobilitetstenester.
Vi treng no ein ny rådgjevar til detaljplanlegging av rutetilbodet, kontinuerleg marknadstilpassing og forbetring av metode og arbeidsprosessar.
ArbeidsoppgåverVår nye rådgjevar vil inngå i ei faggruppe som sørger for detaljplanlegging av det samla rutetilbodet i Vestland, for både buss, bybane, båt og ferje. Hos oss skal du sørge for at tilbodet alltid er oppdatert og tilpassa dei reisande sine behov. Det er tett samarbeid med våre leverandørar av transporttenestene om effektiv drift i kollektivsystemet. Du vil også delta i samarbeid med alle delar av Skyss-organisasjonen, i ulike prosjekt og i utviklingsoppgåver. Vi treng også at du bidreg i utgreiingar og forbetring av metodikk og arbeidsprosessar.
Dei konkrete oppgåvene for stillinga omfattar
ruteplanlegging for buss, båt og ferjeanalyse av relevant faktagrunnlag som passasjertal og køyretidsdatadialog med transportleverandørane våre om logistikkløysinganevidareutvikling av metodikk og arbeidsprosessar for ruteplanleggingå ta del i utarbeiding av langsiktige planar for utvikling av rutetilbodetoperasjonalisering av langsiktige planar
Du får ansvar for å planlegge din eigen arbeidskvardag ut frå oppgåver og fristar.
KvalifikasjonarVi treng deg som har relevant høgare utdanning på masternivå innanfor relevante fagområde (til dømes logistikk, produksjonsplanlegging, operasjonsanalyse, optimering, matematikk, ingeniørfag eller IT). Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad, men med relevant høgare utdanning kan òg bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonane.
Det er fint om du har erfaring med kollektivtrafikk, ruteplanlegging, planlegging av transport, effektiv logistikk, produksjonsplanlegging eller liknande.
Kjennskap til planleggingsverktøy for kollektivtrafikken og generelt høg IT-kompetanse og forståing for moglegheitene i store datamengder, digitalisering og automatisering er også ein fordel.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er
systematisk og nøyaktigfaktabasert og analytisksterk på å utarbeide god dokumentasjon og lage beslutningsgrunnlaggod på problemløysing og ferdigstillingsamarbeider godt med andre for å oppnå dei beste løysingane.Hos oss i Skyss er vi mange som brenn for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland!
Vi tilbyr
Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknadEit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaerMoglegheit for å utvikle seg faglegFleksibel arbeidstidsordningLønn etter avtaleGode, offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Andre opplysningar:
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorskAlle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månaderVi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort
KontaktinformasjonTony Andre Kleveland, leiar faggruppe ruteplanlegging, 41616616, tony.kleveland@skyss.no
Gudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, 99158084, gudrun.einbu@skyss.no
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5168415886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
This listing is from NAV. View original listing ↗