via nav · 29 May 2026 ·9 days ago

Psykologspesialist/psykolog

Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund N Full-time
36 jobs in Kristiansund N — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø?
Vi søkjer psykologar og psykologspesialistar som ønskjer å bidra til eit sterkt fagmiljø og eit inkluderande arbeidsfellesskap. Hos oss får du både faglege utfordringar og eit sosialt miljø der tilsette tek initiativ til felles aktivitetar og trivsel i kvardagen. Vi tilbyr rekrutteringstillegg for både psykologar og psykologspesialistar, og faglege satsingsområde ut frå dine interesser og kompetanse. Vi har eit aktivt fagleg og sosialt forum for tilsette i starten av arbeidslivet, der du får støtte, erfaringsutveksling og eit godt fellesskap i overgangen til rolla som behandlar

Vi søkjer etter ei fast stilling og eit vikariat med varigheit fram til 31.12.28.

Poliklinikken har 54,5 stillingar der 13,5 er psykologspesialiststillingar. Vi er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling for personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga skjer gjennom individuelle samtalar, gruppeterapi og medikamentell behandling. Vi har kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR, MBT, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Vi har i tillegg to psykomotoriske fysioterapeutar. Det har den siste tida vore mykje engasjement rundt etablering av nye grupper og kurstilbod.

Vi ønskjer å vidareutvikle kompetansen og satse på våre tilsette innan fleire fagområde, og satsar spesielt på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrringar og behandling av samansette rus- og psykiske lidingar (ROP). Har du ikkje erfaring innan desse områda, legg vi til rette for kompetanseheving. Vi er også opne for kompetanse innan andre relevante delar av psykisk helsevern.

Verksemda er organisert i ulike team. Vi har tre allmennpsykiatriske team fordelt på to allmenn team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ROP-team, samt to ambulante akutt team: FACT og ambulant akutt team. Sidan vi er i endring, er det mogleg å diskutere teamtilknyting ved tilsetting. Vi er ein poliklinikk i utvikling, og du vil få store moglegheiter til å vere med og forme framtida for poliklinisk behandling i Kristiansund.

Ta kontakt – vi ser fram til å høyre frå deg.

ArbeidsoppgåverUtgreiing og diagnostisering av pasientar 
Behandling av pasientar individuelt og i gruppe
Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter og pasientdrøftingar
Vidareutvikling av behandlingstilbodet
Rettleie internt og eksternt 
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som psykolog
Psykologspesialist
Psykologar som ikkje er ferdig med spesialisering kan også søkje, då det vert lagt til rette for fullføring av spesialisering. 
Viss det ikkje er aktuelle kandidatar med norsk autorisasjon vil vi kunne vurdere psykologar med lisens.
Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
Sertifikat klasse B (personbil)Personlege eigenskaparDu er strukturert og målretta
Du har gode samarbeidsevner
Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø
Du er fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert
Du kommuniserer godt både internt og eksternt
Du likar å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
Du har engasjement for fagleg utvikling og interesse for å bidra til vidareutvikling av behandlingstilbodet i poliklinikkenÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyrEit triveleg arbeidsmiljø der vi samlast til felleslunsj på pauserommet
Løn etter gjeldande overeinskomst
Rekrutteringstillegg for psykologar og psykologspesialistar
Fleksibel arbeidstid
Psykologar som nærmer seg ferdig spesialisering vil kunne vurderast for konstituering som spesialistDet kan etter nærare avtale vurderast pendlaravtale og fleksibel arbeidstids-/tilstadeveringsordning for psykologspesialistar, innafor poliklinikken sitt behov.Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement 
Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år for spesialistar
Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering innan normert tid
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her finnes et bredt spekter av ulike aktivitetstilbud, blant annet er det gode miljø innenfor klatring, friluftsliv, friidrett, svømming og skøyter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim. Les meir om byen vår her.

KontaktinformasjonJørgen Lægreid, Seksjonsleiar, +47 92849056, Jorgen.Legreid@helse-mr.no

ArbeidsstadHagan 9

6516 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5132834577

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Startdato: 15.06.2026

Sluttdato: 31.12.2028

Søknadsfrist: 12.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
36
jobs in Kristiansund N
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Kristiansund N?
Currently 36 roles in Kristiansund N on AlmostHired, across 12 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.