via nav · 27 May 2026 ·11 days ago

Prosjektstilling i frivilligsentralane

Kultur, Stad kommune
Selje
Does this job fit you?
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Stad kommune har ledig ei 100 % prosjektstilling frå 12.08.2026 til 30.06.2027

Vi søkjer ein engasjert og strukturert prosjektmedarbeidar til to prosjekt:

1. "Bli med på fritidsaktivitet i Stad!"

Prosjektet skal kartleggje fritidstilbod, barrierar for deltaking og tiltak som kan gi fleire born og unge like moglegheiter til å delta. Forventa prosjektresultat er varige rutinar tilgjengeleggjering og formidling av denne informasjonen i heile kommunen.

2. "Etablering av faste opplæringsarenaer for digital kompetanse i Stad kommune".

Prosjektet skal etablere faste arenaer for digital hjelp og opplæring ved bibliotek og frivilligsentralar, samt styrke frivillige og tilsette som gir digital støtte hos heimebuande eller i andre kommunale tenester.

Arbeidsstad vil vere delt mellom Nordfjordeid og Selje, med oppgåver fleire stader i kommunen.

ArbeidsoppgåverDu skal mellom anna:

koordinere samarbeid mellom kommune, frivillige og andre aktøraretablere og vidareutvikle tilbod for digital hjelprekruttere og følgje opp frivillige digihjelpararbidra til kurs, opplæring og informasjonsarbeidkartleggje og synleggjere fritidsaktivitetar for barn og ungebidra til rutinar og system som fremjar inkluderingarbeide med marknadsføring og informasjon i digitale og trykte kanalarKvalifikasjonarUtdanning:

Relevant høgare utdanning  innan samfunn, offentleg administrasjon, folkehelse, pedagogikk, sosialt arbeid eller liknande er ein fordel. Relevant arbeidserfaring kan også kvalifisere.Erfaring og kunnskap:

Du må ha erfaring med prosjektarbeid, koordinering eller tverrfagleg samarbeidDu må ha god forståing for samspelet mellom kommune, frivillig sektor og innbyggjararErfaring med frivillig arbeid, inkluderingsarbeid, digital opplæring eller arbeid med barn og unge er ein fordelDu må ha gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitaltDu må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftlegErfaring med å arrangere kurs er ein fordelPersonlege eigenskaparDu er ein positiv og raus lagspelarDu jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevneDu er god til å byggje relasjonar og skape samarbeidDu er utadvendt og serviceinnstiltDu kan planlegge og organisere arbeidet effektivtDu er utviklingsorientert og endringsvilligDet vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyreit meiningsfullt og utviklande arbeid med stor samfunnsnyttevarierte arbeidsoppgåver og høve til å utvikle nye samarbeideit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, bibliotek og kulturarvløn etter tariff og gode pensjonsordningarVi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt Leiar for Eid frivillisentral Astrid Grete Torheim, tlf 41460042 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

KontaktinformasjonAstrid Grete Torheim , Leiar Eid frivilligsentral, 41460042, astrid.grete.torheim@stad.kommune.no
Geir Holmen, Kultursjef, 90 77 99 33, geirholmen@operahuset.no

ArbeidsstadSophus Lie-vegen 3
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5129014922
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 12.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 07.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
7,812
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Selje?
Currently 7,812 roles in Selje on AlmostHired, across 2,604 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.