via nav · 3 June 2026 ·3 days ago

Prosjektleiar- Samhandling for overgang frå utanforskap til arbeid

Ørsta kommune
Ørsta
7 jobs in Ørsta — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du vere med og utvikle betre samhandling mellom Nav, kommunane og opplæringsløp for å få fleire ut i arbeid og utdanning? Vi søkjer ein strukturert og målretta prosjektleiar som kan drive fram eit viktig utviklingsarbeid i kommunane Ørsta og Volda.

Prosjektstillinga skal bidra til betre samhandling og koordinering på tvers av Nav, kommunane og fylkeskommunen. Målet er å redusere utanforskap ved å rekruttere primært unge til arbeid i den kommunale helse og omsorgstenesta, og legge til rette for kompetanseutvikling for deltakarane i programmet. På sikt er målet å bidra til auka bemanning og ei meir berekraftig teneste

ArbeidsoppgåverSom prosjektleiar får du eit overordna ansvar for å utvikle, koordinere og følgje opp eit felles deltakarforløp. Du skal sikre framdrift, struktur og kvalitet – både på systemnivå og i oppfølging av den enkelte deltakar

Stillinga er i første omgong eit toårig engasjement, men det kan verte høve til lenging dersom føresetnadane for det ligg føre.

Prosjektleiar skal:

vere bindeledd mellom Nav, kommunar og opplæringkoordinere og sikre gode deltakarforløpsikre framdrift, struktur og kvalitet i arbeidetkoordinere samarbeid på systemnivåfølgje opp progresjon i individuelle deltakarforløpidentifisere flaskehalsar og bidra til kontinuerleg forbetringdokumentere effektar og resultat av arbeidetKvalifikasjonarVi søkjer deg som:har relevant høgare utdanning (helse, sosialfag, HR, organisasjon el.l.)erfaring frå prosjektleiing eller utviklingsarbeid er ein fordelhar kjennskap til helse- og omsorgstenestene
Personlege eigenskaparVi ynskjer at du: 

er relasjonssterk og samlande og har gode samarbeids- og koordineringsevnerer gjennomføringskraftiger analytisk og løysingsorienterter tydeleg og arbeider strukturert og målretta 

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert sterkt vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyrei sentral rolle i utvikling av framtidas arbeidskrafthøve til å påverke samhandling på tvers av sektorarspanande og meiningsfull prosjektstillingeit tverrfagleg og utviklingsorientert miljø
utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring  på fritida. 
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing. 

Arbeidsvilkår: 

Tiltreding snarast.

Ørsta kommune vil vere arbeidsgjevar, med kontorplassering Ørsta rådhus, men stillinga er ein interkommunal ressurs og skal ha virkeområde i begge kommunane. 

Stillinga er plassert i HTA kap. 4.

Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

Dokumentasjon 
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

KontaktinformasjonIngunn Gjengedal, kommunalsjef Helse omsorg og velferd Ørsta, 92436245, ingunn.gjengedal@orsta.kommune.no

Svein Berg-Rusten, kommunalsjef Helse og omsorg Volda, 91868329, svein.berg-rusten@volda.kommune.no

ArbeidsstadDalevegen 6

6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5139713078

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Sluttdato: 30.06.2028

Søknadsfrist: 19.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
7
jobs in Ørsta
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Ørsta?
Currently 7 roles in Ørsta on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.