via NAV · 9 September 2026 ·10 days ago

Prosjektleiar - kommuneplanen sin samfunnsdel

Plan- og byggsak, Gloppen kommune
Sandane
This listing is from NAV
View original listing ↗

Vil du vere med og forme framtida til Gloppen? 

Gloppen kommune skal gå i gang med å utarbeide kommuneplanen sin samfunnsdel og ny planstrategi for den kommande valperioden. Arbeidet med samfunnsdelen vil starte opp i byrjinga av 2027 og skal vere vedteken i utgangen av 2028. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal gje retning for den langsiktige utviklinga av kommunen og vil vere eit av dei viktigaste styringsverktøya både politisk og for kommunen som verksemd. Arbeidet vil skje i tett dialog med politikarar, administrasjonen, kommunale tenester, innbyggjarar, næringsliv, frivillig sektor og andre relevante aktørar. 

Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert prosjektleiar for ei 100 % prosjektstilling i to år. 

Prosjektstillinga inneber ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Vi ser etter deg som har god kompetanse frå å leie planprosessar og som gjerne har erfaring frå offentleg sektor. 

Du vil bli ein del av tenesteområdet Plan, byggesak og oppmåling, som består av fem tilsette med ansvar for mellom anna byggesak, oppmåling, areal- og samfunnsplanlegging, handsaming av private reguleringsplanar, matrikkelføring mm. Tenesta er underlagt kommunalområdet Samfunn og berekraft, som i tillegg til plan, byggesak og oppmåling består av tenesteområda eigedom, kommunalteknikk, landbruk, kultur, og  brann og redning.  

ArbeidsoppgåverI prosjektstillinga får du ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, frå oppstart til ferdig plan. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å: 

Sikre framdrift og heilskap i arbeidet Koordinere arbeidet på tvers av kommunale sektorar, administrativ leiing, politiske organ og offentlege myndigheiter Leggje til rette for medverknad og involvering, mellom anna gjennom arbeidsverkstadar og spørjeundersøkingar Systematisere og analysere kunnskapsgrunnlaget Utarbeide planprogram og framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel, inkl. planstrategi Førebu og leggje fram saker for politisk behandling Det kan i tillegg vere aktuelt å bidra inn i anna kommunalt planarbeid. 

KvalifikasjonarVi ser etter deg som har: 

relevant høgare utdanning, gjerne innan samfunnsplanlegging, bygg- og arkitekturfag, samfunnsvitskap eller anna relevant fagområde relevant erfaring frå planarbeid, prosjekt- eller prosessleiing  god kjennskap til plansystemet og plan- og bygningslova god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk god digital kompetanse Det er ein fordel om du har: 

erfaring frå offentleg sektor og gjerne med arbeid opp mot politiske organ god forståing for kommunal verksemd og offentlege planprosessar kjennskap til politiske avgjerdsprosessar erfaring med digitale sakshandsamings- og arkivsystem Personlege eigenskaparVi ønskjer at du: 

arbeider strukturert og sjølvstendig, men likevel fungerer godt i team er god til å involvere, motivere og kommunisere med ulike målgrupper, inkludert samhandling med kollegaer, eksterne konsulentar, innbyggjarar og offentlege instansar har interesse for samfunnsutvikling og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet er trygg i møte med både politiske og administrative miljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.  

Vi tilbyrei spennande og samfunnsrelevant prosjektstilling med stor grad av ansvar og påverknad varierte arbeidsoppgåver og eit breitt kontaktnett på tvers av kommunen og lokalsamfunnet eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø løn etter avtale gode pensjons- og forsikringsordningar Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med tenesteleiar Eirin Victoria Myklebust. 

Vi ønskjer primært oppstart frå 01.01.2027, men oppstart før/etter dette kan skje etter avtale. 

Vil du vere med og setje retning for Gloppen dei kommande åra? Då ønskjer vi å høyre frå deg. 

KontaktinformasjonEirin Victoria Myklebust, Avdelingsleiar Plan- og byggsak, +47 90038385

ArbeidsstadGrandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5178386637

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.12.2028

Søknadsfrist: 24.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
6
jobs in Sandane
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Sandane?
Currently 6 roles in Sandane on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.