Prosjektleiar - Bustadutvikling i Giske kommune
Vil du vere med å sikre god bustadutvikling i Giske kommune?
Vi søkjer etter prosjektleiar i 100 % stilling når Giske kommune no skal i gang med eit arbeid for å sikre god bustadutvikling i kommunen i tida framover. Ein ønskjer å auke aktiviteten i bustadmarknaden, oppnå ei berekraftig bustadutvikling, nå målsetting om innanforskap, oppretthalde bulyst og Giske som ein attraktiv bukommune – ein god plass å leve heile livet. Kommunen ønsker å utvikle nye og heilskaplege bustadløysingar, ulike sosiale buformer og fellesskapløysingar, etablering og tilpassing av ulike bustadar og utforske ulike bukonsept.
Prosjektet skal utviklast i samarbeid mellom kommunen, næringslivet og innbyggjarane. Prosjektleiar vil rapportere direkte til kommunedirektør.
Prosjektet forutset finansiering, og ein tek atterhald om at finansieringa kjem på plass.
Stillinga er ledig frå snarast og til og med desember 2027. Det kan vere aktuelt med
forlenging.
I tillegg til formell kompetanse vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Vi ber om at vitnemål vert lagt ved søknaden.
ArbeidsoppgåverDagleg leiar for prosjektet, og skal sikre idear og framdriftVurdere og gjennomføre ulike kartleggingar og undersøkingarUtvikle prosjektinnhaldUtvikle finansieringsmodellInnhente ekstern medfinansiering ved behovKoordinere aktivitet i prosjektetSekretær for styringsgruppe og arbeidsgrupper
KvalifikasjonarRelevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå innan fagområde som til dømes prosjektleiing, næringsutvikling eller lokalsamfunnsutvikling.Erfaring frå samarbeid mellom kommune, næringsliv og innbyggjararErfaring med prosjektarbeidErfaring med digitale arbeidsverktøyKunnskap om kommunal forvaltning er ønskjelegGod norsk munnleg og skriftleg framstillingsevneDen som blir tilsett må ha sertifikat for bilPersonlege eigenskaparVi søkjer ein initiativrik og innovativ nettverksbyggar som får jobben gjortDu har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er systematisk og arbeidsamSjølvstendig, effektiv og har stor arbeidskapasitetVi tilbyrEin utfordrande og spennande jobb med fokus på utvikling og samarbeidLønn etter avtale og moglegheiter for fleksibel arbeidstid.God pensjonsordning gjennom KLPKontaktinformasjonLene Bjørlo Overå, kommunalsjef, +47 41616109
ArbeidsstadValderhaug 4
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5135826599
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 08.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗