via NAV · 7 September 2026 ·12 days ago

Produktlinjeleiar/seniorrådgjevar for web ved Kommunikasjonsavdelinga

Universitetet i Bergen
Bergen Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAProduktlinjeleiar/seniorrådgjevar for web ved KommunikasjonsavdelingaUiB sine nettsider spelar ei sentral rolle i student- og forskarrekruttering, formidling av forsking og synleggjering av UiB sitt samfunnsbidrag. Universitetet har dei siste åra løfta kvaliteten på webtenestene sine. No treng vi ein seniorrådgivar som kan bidra til trygg drift, god forvaltning og målretta vidareutvikling av tenestene.

UiB organiserer digitale tenester i produktlinjer på tvers av avdelingsstrukturen, og webproduktlinja ligg under produktområdet administrasjon og formidling. Stillinga er organisatorisk plassert i Kommunikasjonsavdelinga, men skal arbeide tett saman med mellom anna IT-avdelinga og leie dette tverrfaglege produktlinjearbeidet. Stillinga har ikkje personalansvar.

Arbeidsoppgåver:Produktlinjeleiar skal koordinere eit tverrfagleg team frå IT-avdelinga og Kommunikasjonsavdelinga. Teamet har ansvar for forvaltning, drift og vidareutvikling av UiB sine webtenester, og arbeider med både teknologi, innhald, brukaroppleving og digital kommunikasjon. Ei sentral oppgåve er vidareutvikling av UiB si Drupal-baserte plattform som blir driven i eit Kubernetes-basert containermiljø.

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

Leie produktlinjearbeidet for webPrioritere tiltak, utviklingsløp og ressursbruk innan webområdetSikre god forankring av prioriteringar i organisasjonenFølgje opp drift, leveransar, risiko og avhengigheiterSjå alle webtenester på UiB i heilskap og følge opp mål, resultat og gevinstrealisering i bruk av dei ulike publiseringsløysinganeSamarbeide med systemeigarar, utviklingsmiljø, innhaldsmiljø og andre relevante fagmiljøBidra til at webtenestene støttar brukarane sine behov, UiB sine kommunikasjonsmål og tekniske krav til stabilitet, tryggleik og vidareutviklingSaksførebuing til produktstyret og oppfølging av prioriteringer og avgjerder som blir tatt derInnan det første året skal produktlinja ha stabil drift, føreseielege leveransar og godt forankra prioriteringar på tvers av dei involverte fagmiljøa.

Kvalifikasjonar:Søkjarane må ha:

Høgare utdanning på minst bachelornivå, helst innan kommunikasjon, teknologi, organisasjon eller andre relevante fagområde. Lang praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.Relevant erfaring frå digital tenesteutvikling, webforvaltning, produktleiing, prosjektleiing eller tilsvarande arbeidTeknisk forståing for moderne webplattformerGod forståing for både kommunikasjonsfaglege og teknologiske problemstillingarDet er ein fordel med:

Erfaring frå arbeid med større nettstader eller digitale tenesterKjennskap til tverrfagleg produktarbeid eller tenesteforvaltningForståing for brukarorientering, universell utforming, innhaldsforvaltning og analyseErfaring frå universitets- og høgskulesektoren eller anna offentleg forvaltingForståing for samanhengen mellom systemlandskap, dataflyt, integrasjonar og brukaropplevingTeknisk innsikt i plattforma vi byggjer på (Drupal/PHP) og moderne driftsmodellar (container-/Kubernetes-basert drift, CI/CD)
Vi søkjer ein person som:Har god rolleforståing og kan skape framdriftEr trygg i møte med ulike fagmiljøKan gjere tydelege prioriteringar og grunngje deiArbeider strukturert, sjølvstendig og heilskaplegHar gode samarbeidsevner og kommuniserer godtOmset brukarbehov og faglege behov til praktiske prioriteringarPersonlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi kan tilby:Ei sentral rolle i vidareutviklinga av UiB sine digitale kommunikasjonskanalarEit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø i Kommunikasjonsavdelinga og IT-avdelingaStilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 830 000 - 860 000  i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningar
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seksjonssjef Jørgen Thune Johnsen, E-post: jorgen.johnsen@uib.no, tlf.: 976 47 829.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

The market for this type of role

Similar openings
267
jobs in Bergen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
1%
of roles
Universitetet i Bergen

17 open positions · Bergen

📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bergen?
Currently 267 roles in Bergen on AlmostHired, across 89 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
1% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.