via nav · 27 May 2026 ·10 days ago

Ph.d.-stipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk

Universitetet i Bergen
Bergen
331 more jobs in Bergen.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiatVed Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå NFR-prosjektet 355137 “From Extremal Combinatorics to Algorithms and Back”. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåverDette prosjektet bygger bru mellom to grunnleggande fagområde innan informatikk og matematikk: algoritmeteori og ekstremal kombinatorikk. Ved å integrere disse områda, har prosjektet som mål å utvikle nyskapande berekningsteknikkar og teoretiske innsikter som utvidar grensene for begge fagfelt. Det fokuserer på å utnytte nylege gjennombrot som kombinerer algoritmiske tilnærmingar med klassiske resultat innan ekstremal kombinatorikk.

Dei forventa resultatene er todelte: å vidareutvikle moderne parameteriserte og approksimasjonsalgoritmar for å løyse krevjande berekningsproblemer med høg effektivitet, og å formulere nye stabilitetsteoremar innan ekstremal kombinatorikk, drevet av praktiske algoritmiske bruksområde.

Til stillinga søkjer vi ein forskar som vil bidra til prosjektets suksess og synlegheit. Ein vellukka kandidat vil gjere forsking innan algoritmar og ekstremal kombinatorikk, samt samarbeide med andre medlemmer av algoritmeforskingsgruppa. Vi ser etter framifrå kandidatar med bakgrunn og erfaring innan eitt eller fleire av følgande områder: grafalgoritmar, parameterisert kompleksitet, approksimasjonsalgoritmar, ekstremal kombinatorikk, strukturell grafteori og relaterte fagfelt.

 Kvalifikasjonar og eigenskaparSøkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk (kombinatorikk og/eller diskret matematikk) eller informatikk (algoritmar), eller må ha levert masteroppgåva si til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.Kompetanse innan diskret matematikk og algoritmar er eit krav.Kompetanse innan ekstremal kombinatorikk og/eller parameterisert kompleksitet er ein fordel. Dokumentert publikasjonsrekord i dei fremste konferansane innan informatikk, som til dømes STOC, FOCS, SODA, ICALP og ESA, eller i høgt rangerte tidsskrift som TALG, JCTB, Combinatorica eller tilsvarande leiande publiseringskanalar er ein fordel.Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgandeOm stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi tilbyreit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljøløn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr.593 700 . Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.medlemskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningar
Søknaden skal innehaldeei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillingaei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. CVkarakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.  Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.relevante attestargodkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 

 

Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar 1183 Petr Golovach, Institutt for informatikk, UiB på petr.golovach@uib.no, eller instituttleiar Inge Jonassen, UiB på inge.jonassen@uib.no.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand på maria.svasand@uib.no eller 55 58 86 62

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiBAstrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

The market for this type of role

Similar openings
331
jobs in Bergen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Universitetet i Bergen

11 open positions · Bergen

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bergen?
Currently 331 roles in Bergen on AlmostHired, across 110 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.