Pedagogisk leiar
Om stillingaVil du bli bli ein del av eit kompetent fagmiljø og jobbe i eit postivt og kreativt team?
I barnehagane våre får du ein spennande og variert kvardag saman med barn med ulike språk og kulturar. Me søkjer deg som er oppteken av språkarbeid og ønskjer å bidra til inkluderande leik, fellesskap og gode vennskap mellom barna.
Leik, relasjonsarbeid, turar og språk er sentrale område som me arbeider aktivt og målretta med. Stillinga er 100 % kan bli delt mellom to barnehagar. Vikariat frå snarast til 31.07.2027.
ArbeidsoppgåverPedagogisk leiing av avdelinga og spes.ped fagleg ansvarlegSkape eit trygt, godt, engasjerande og spennande barnehagemiljøAnsvar for rettleiing og opplæring av medarbeidarar på avdelingaFremja godt samarbeid med foreldraMedansvar for felles faglege mål på overordna planarMedansvar for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemdMedansvar for dagleg organisering av heile barnehagenOppfølging av kvalitetskontroll
KvalifikasjonarKrav
Godkjent utdanning som barnehagelærarGode norskkunnskapar. For søkjar utanfor Skandinavia må ein ha bestått norksprøve B2 skriftleg og muntlegGyldig politiattest må fremlegges ved tiltredelsVera aktiv saman med barnaDu må vera ein vaksen som ser kvart einskild barn, er lyttande og tilstades Ønskje
Sterkt ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanseGode datakunnskapar
Personlege eigenskaparDu har evne til å motivera og inspirertArbeider sjølvstendig og ansvarleg i teamDu er fleksibel, kreativ og her evne til refleksjonDu er engasjert og aktiv med barnaDu er trygg og har gode omsorgsevner, - ser den einskildeDu er ein god rollemodell for barn og tilsetteDu har evne og vilje til å skapa gode relasjonar med barn, foreldre og kollegaerDu er tålmodig, trygg og en god støttespiller.
Me tilbyrEtterutdanningRettleiing av nyutdannaFadderordning for nytilsette Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekstLønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverkGunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikringGode velferdsordningar
ArbeidstilhøveMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar er gode stader å vera, leika og læra. Me er to barnehagar med trygge, erfarne og kvalifiserte tilsette som arbeider for at alle barn skal oppleva fellesskap, meistring og glede i kvardagen.I Dråpeslottet på Gjerde er me tett på både Samnanger barneskule, naturen og sjøen. Barnehagen har mellom anna formingsverkstad og eit stort fellesrom som inviterer til leik og vennskap på tvers av avdelingane.
Vassloppa barnehage ligg nær Bjørkheim sentrum og har romslege lokale, eigen gymsal og eit stort, variert uteområde. Naturen og det flotte turterrenget rett utanfor porten gir gode høve til aktiv leik og utforsking.
I begge barnehagane arbeider me målretta med eit godt og inkluderande barnehage-, lærings- og leikemiljø. Me nyttar alternativ supplerande kommunikasjon (ASK) for å sikra at alle barn kan delta i leik, samspel og fellesskap. Barna skal få medverka og vera med på å prega sin eigen kvardag.
Visjonen vår er: «Ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra.»
This listing is from NAV. View original listing ↗