Pedagogisk leiar- fast stilling
Tennfjord barnehage skal utvide drifta si og treng fleire tilsette. Vi har no ledig ei stilling som pedagogisk leiar.
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – område vi brukar aktivt gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette, fordelt på fem basar per i dag. Hos oss møter du eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette som har lang erfaring og stor omsorg for barna.
Vi søkjer deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull og fagleg engasjert – ein trygg vaksen som ønskjer å vere ein viktig del av barna sin kvardag. Har du eit brennande engasjement for barn og vil bidra til å gi dei ein trygg og god oppvekst, håpar vi nettopp du vil søkje stillinga hos oss.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på gode og heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggjarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
ArbeidsoppgåverIverksette og leie det pedagogiske arbeidet i si gruppe, i nært samarbeid med barnehagelærar og det øvrige personaletRettleie og sørgje for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidetLeie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda du er sett til å leie
KvalifikasjonarFor stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar, er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.Søkjar må vidare:
Levere oppdatert politiattestJobbe i tråd med barnehagelovaHa gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova § 28Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjerPersonlege eigenskaparVi søkjer deg som har evne til å:
Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring, samt å arbeide etter Tennfjord barnehage sin visjon; Vi gjer kvarandre godeJobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppaMotivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidetBruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplassVere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskapingVere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
Reflektere over eige arbeid og søkje rettleiing ved behov
Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar, som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
Vere ein god rollemodell
Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne og utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehagelova
Sikre barn sin rett til medverknad og involvering Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyrEit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnaderLøn etter gjeldande tariffGod pensjonsordningKontaktinformasjonGro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no
ArbeidsstadTrolldalssletta 18
6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5131032504
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 12.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗