via nav · 27 May 2026 ·10 days ago

Miljøterapeut fast og vikariat

Bufetat
Sandnes Full-time
58 more jobs in Sandnes.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Om stillinga og arbeidsstadenVed Nord-Jæren barne- og ungdomssenter har vi ledig fast stilling som miljøterapeut i 100 % stilling. Vi har og ei mellombels stilling i 100 % med varigheit fram til 31. desember 2027, med moglegheit for forlenging. 

Nord-Jæren barne- og ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon som ligg i Sandnes og Stavanger kommune. Senteret har fire avdelingar. Tre av avdelingane er omsorgsinstitusjonar for ungdom, medan éi avdeling er for barn. Alle avdelingane har plass til fire barn eller ungdommar. I Sandnes ligg Minde 1 og Minde 2, og dei held til i eit triveleg nabolag.

ArbeidsoppgåverMålet vårt er å saman med dei andre tilsette, bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv.

Korleis oppnå dette målet:

Utføre godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp.Sikre tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernsteneste, føresette, sosialt nettverk, skule, helse og arbeid.Bidra til å vareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.Arbeid med krise- og stresshandtering og stabilisering av barn i krise.Arbeid førebyggjande og handtere åtferd/hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølv eller andre.Kartleggje styrkane til ungdommen og behov og utarbeide og følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.
Kva bakgrunn har du?Me ser etter deg som har

Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) bachelor tilsvarande 180 studiepoeng.Anna relevant bachelorgrad som til dømes innan lærer,sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning, kan og vurderast.Kandidatar utan 3-årig bachelorgrad, men med anna relevant høgskuleutdanning og erfaring, kan også søkje. Har førarkort for personbil kl. B.Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (tilsvarande B2).Er sjølvstendig i skriftleg arbeid og har god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.Har god fysisk og psykisk helse.Det er ønskeleg med

Erfaring frå fagfeltet, miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova. Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskaparKven ser vi etter:

Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring.Du er engasjert, og har evne til å motivere andre. Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.Du er fleksibel, trivast med utfordringar, og tålar hektiske og spanande kvardagar.Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar. Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
Kva får du hos oss?Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, kr 490 000 – 640 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, kr 540 000 – 690 000 pr år.  Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.Søkjarar som får fritak frå kravet om bachelorutdanning, men har minimum fullført 90 studiepoeng innanfor relevant fagområde, blir innplassert i stillingskode 1488 miljøterapeut, kr 460 000 – 560 000 pr. år.Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplysningar til deg som søkjarVi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.Stillingane er for tida lagd til Nord-Jæren barne- og ungdomssenter Minde 2. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

The market for this type of role

Similar openings
58
jobs in Sandnes
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
Bufetat

16 open positions · Alta, Bergen, Borkenes, Bønes, Fyllingsdalen +9

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Sandnes?
Currently 58 roles in Sandnes on AlmostHired, across 19 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.