Miljøarbeidare - Fast stillingar
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Desse stillingane vil i all hovudsak ha arbeidsoppgåvene sine knytte til individuelle elevar og kvardagslivstrening
ArbeidsoppgåverStøtte elevane si læring og trivsel ved å bidra aktivt til den faglege og sosiale utviklinga deira gjennom heile skuledagenArbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig liv som vaksneGjennomføre aktivitetar og læringsøkter i tråd med pedagogiske planarSamarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål KvalifikasjonarVi søkjer etter personar med relevant miljøfagleg utdanning, minimum fagbrev og kompetanse retta mot ungdom med lære- og åtferdsvanskar.Personane må ha interesse for, og høg motivasjon for å drive miljøarbeid med elevar med samansette vanskar, utviklingshemming og utagerande åtferd.Det er også ønskjeleg med kunnskapar og praktiske ferdigheiter innan naturbruk.Personlege eigenskaparVi søkjer etter utåtvende og samarbeidsvillige personar som kan jobbe i team, og utføre sjølvstendig arbeid i tråd med pedagogiske planar.Vi ønskjer personar som har kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom, og som er gode til å byggje relasjonar til elevane, men samstundes kan stå i vanskelege situasjonar over tid. Å vere personleg eigna er særs viktig i dei utlyste stillingane.Vi tilbyrLøns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
KontaktinformasjonFrode Skudal, avdelingsleiar, +4795968765
ArbeidsstadFanavegen 249
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5134530293
Stillingsprosent: 85,27%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗