Miljøarbeidar i fast 50% stilling, for tiden tredelt turnus med hovudvekt på natt
I Miljøterapitenesta arbeider vi for menneske med fysisk og psykisk utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at dei skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi skal ha eit høgt fagleg fokus, og arbeide for å gjera kvarandre gode. Dette er dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ei langsiktig, fagleg og god teneste for tenestemottakarane våre. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering og rettleiing.
Stillinga går for tida føre seg i tredelt turnus, med hovudvekt på natt. Stillinga inkluderar 16 nattvaktar, 4 kveldsvakter og 2 dagvakter per turnusperiode.
Som nattevakt arbeidar du sjølvstendig og har ei nøkkelrolle i å sikre kontinuitet, tryggleik og stabilitet for tenestemottakarane. Arbeidet består av både roleg tilstedeværelse og handtering av situasjonar som kan oppstå. På dag- og kveldstid arbeidar du saman med kollegaene dine med fokus på kvalitet, tilrettelegging, planlegging og gjennomføring av målretta miljøarbeid i tråd med gjeldande lovverk. Oppgåvene dine skal bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer.
I stillinga;
Sørgjer du for tryggleik og ro i løpet av natta, og er tilgjengeleg for bebuarane ved behov
Fylgjer du rutinar og observasjonar, og dokumenterer relevante hendingar i tråd med gjeldande retningslinjer
Handterer du uforutsette hendingar på ein roleg og profesjonell måte
Utførar du miljøarbeid og praktiske oppgåver, eksempelvis stell etter behov, legging, dagaktivitet, tilsynsrundar og førebuingar til neste vakt.
Bidreg du med omsorg, struktur og stabilitet
Samarbeider du med teamet for å sikre oppfylging av bebuarane.
Deltek du i rapport
Vi søkjer deg med rett innstilling og haldningar til det viktige arbeidet som skal gjerast. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med stort fokus på kvalitet i arbeidet, godt arbeidsmiljø med ulike kollegaer i ulike aldrar, og eit sterkt tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonane dine:
Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar er ein fordel
Anna relevant utdanning blir også vurdert
Kandidatar som ikkje har relevant utdanning, men som anten er i gang eller planleggar å starte i relevant utdanning er også oppmoda om å søkje
Relevant erfaring frå liknande type arbeidsoppgåver er ein fordel
Gode skriftlege og munnlege eigenskapar i norsk (tilsvarande minimum nivå B1)
Erfaring med å arbeide etter relevant regelverk; HOL Kap9, PBRL 4a er ein fordel
Erfaring frå og komfortabel med å arbeide i ulike digitale system
Det er krav om politiattest for stillinga.
Eigenskapane dine:
Fagleg engasjert, med gode evner til å integrere daglegdagse gjeremål i miljøbehandlinga.
Trygg, ansvarsbevisst og evnar godt å arbeide både sjølvstendig og i team
Kreativ og endringsviljug, samt lojal mot planar.
Evnar å halde hodet kaldt i situasjonar som krev handling
Evnar å møte menneskjer med respekt og varme
Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
Personleg eigenheit vil bli tillagd avgjerande vekt.
Vi tilbyr:
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
Ein viktig og meiningsfylt jobb der du utgjer ein forskjell
Arbeid i tverrfagleg team.
God opplæring og støtte frå eit tverrfagleg team
Kompetanseheving.
Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema, . Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 10.06.2026
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
This listing is from nav. View original listing ↗