via nav · 1 June 2026 ·5 days ago

Medarbeidar kultur og ungdom

Oppvekst, Valle kommune
Valle
Does this job fit you?
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Er du kreativ, initiativrik og brenn for å jobbe med ungdom? Vil du vere med og skape gode opplevingar og trygge møteplassar for ungdom, og fylle Valle kultursenter med liv, aktivitet og gode fellesskap?
Vi søkjer ein engasjert og inkluderande medarbeidar med særleg ansvar for barne- og ungdomsarbeid. Du vil ha ei sentral rolle i å utvikle og følgje opp aktivitetar og møteplassar for ungdom, og bidra til at kultursenteret blir ein trygg og attraktiv stad å vere.
Du vil jobbe i tett tospann med fagleiar kultur og frivilligheit. Saman skal de planlegge, gjennomføre og vidareutvikle aktivitetar og arrangement, og sikre god drift av kultursenteret. Du vil vere ein del av teamet i Kultur og fritid, og stillinga krev at du trivst både i møte med menneske og med praktiske oppgåver. Stillinga vil kunne vere mellom 60-100% avhengig av tilsagn om ekstern finansiering.

ArbeidsoppgåverPlanlegge og gjennomføre aktivitetar og utvikle gode møteplassar for ungdom
Bidra til å utvikle eit inkluderande og aktivt ungdomsmiljøKontaktperson for Valle ungdomsrådVere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson og byggje gode relasjonar
Tverrfagleg samarbeid med bibliotek, kulturskule og andre tenester innaføre eigen organisasjon, delta i planlegging og gjennomføring av arrangement for alle målgrupper
Bidra til drift av frivilligsentralen og mobilisere frivillige
Vere vertskap ved arrangement (kveld og helg må påreknast)
Bidra til dagleg drift og praktiske og tekniske oppgåver i kultursenteret
Samarbeide med skule, lag, organisasjonar og andre aktørarKontaktperson for friluftsliv og turløyperKvalifikasjonarStillinga har ikkje krav til fagutdanning, men du må ha erfaring med arbeid med barn og unge.
Erfaring med frivillig arbeid, planlegging av arrangement, og kunne leggje til rette for ulike typar aktivitetar med særleg vekt på barn og unge.
Praktisk (og gjerne teknisk) kompetanse er ein fordel.
Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg.
Digital kompetanse, må kunne bruke digitale verktøy og plattformer effektivt for å kommunisere og nå ut til og engasjere ungdom.
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Førarkort klasse B. Personlege eigenskaparDu trivst i arbeid med ungdom, og skapar tillit.
Du er trygg, tydeleg og inkluderande.
Du er initiativrik og likar å skape medverknad og aktivitet.
Du er praktisk anlagt, strukturert og løysingsorientert.
Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer ope og effektivt med kollegaer og samarbeidspartnarar.
Du er ein god lagspelar, og tek ansvar for eigne oppgåver. Vi tilbyrDu får jobbe tett med ungdom og utgjere ein forskjell.
Du får vere med å skape eit levande og inkluderande kultursenter.
Du får ein variert og sosial arbeidskvardag.
Du får jobbe tett saman med ein fagleiar i engasjert og inkluderande team.Løn etter gjeldande tariffGode pensjonsvilkår og forsikringer
 

Viktig for søknaden din:

CV og søknadsbrev skrivast i WebcruiterVitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

KontaktinformasjonHedda Helene Schaanning, Leiar oppvekst og barnevern, +47 47642462, hedda.helene.schaanning@valle.kommune.no

ArbeidsstadKjellebergsvegen 1

4747 Valle

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5136258619

Stillingsprosent: 60%

Fast

Søknadsfrist: 15.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
7,812
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Oppvekst, Valle kommune

2 open positions · Valle

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Valle?
Currently 7,812 roles in Valle on AlmostHired, across 2,604 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.