Matvert
Hospitalsdrift Matforsyning har ansvaret for matservering til pasientar. Til dette treng vi flinke og framoverlente matvertar og har ledig følgande stillingar:
- 100% fast stilling, turnus dag/kveld og fast arbeid pt. kvar 3 helg.
- 6 x 15% fast stilling turnus dag kveld pt. kvar 3 helg
- 100% vikariat i 6 Månader
Matvert må pårekne å arbeida i alle matstovene våre. Aktuelle kandidatar vil vil bli kontakta fortløpande.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 spisestuer.
ArbeidsoppgåverBestilling av varer og måltid digitaltFørebuing og anretting av frukost, lunsj, middag og kvelds i bufféTilrettelegging og levering av måltidOppfølging av diettar og spesialkost i samarbeid med avdelinganePåfylling av drikkstasjonar og kuvertar i matstoverOppvask, rydding og reinhald av bord, diskar og kjøkkenutstyrKontroll og registrering av temperaturar i samsvar med IK-mat rutinarKlargjering av mat til neste dagHandtering av avfall og tekstil i tråd med gjeldande rutinarBidra til eit hyggeleg måltids miljø for pasientaneKvalifikasjonarGode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivåErfaring frå kjøkken/kantineKjennskap til IK-matGode IT-kunnskaparMatfagleg interesseFagbrev som kokk er ønskelegPersonlege eigenskaparServiceinnstilt og imøtekommande
Evne til å skapa ein hyggeleg atmosfære for pasientane. Vere vennleg, tolmodig og ha eit smilande vesenGode kommunikasjonsferdigheiter
Kunne kommunisera klart med pasientar, kollegaer og anna helsepersonell
Lytta aktivt for å forstå behova og ønska til pasientaneEmpati og omsorg
Vise forståing for situasjonen til pasientane og tilpassa seg individuelle behov
Ha respekt for ulike kulturar, kosthald og helsetilstandarFleksibilitet og tilpassingsevne
Takle varierte arbeidsoppgåver og skiftande rutinar
Vere komfortabel med turnusarbeid (dag/kveld og helg)Nøyaktigheit og struktur
Sørge for korrekt bestilling, anretning og hygiene
Følge rutinar for mattryggleik og kvalitetInitiativ og sjølvstende
Ta ansvar for oppgåver utan å måtte bli instruert heile tida
Vere løysingsorientert når utfordringar oppstårSamarbeidsevne
Jobbe godt i team med andre matvertar og kjøkkenpersonell
Bidra til eit positivt arbeidsmiljøFysisk uthald
Takle eit aktivt arbeid med mykje rørsle, rydding og oppvask
Ha god helse til å stå og gå store delar av dagenInteresse for mat og ernæring
Ha forståing for betydninga av ernæring i pasientbehandling
Vere opptatt av å presentere maten på ein appetittvekkande måteGode kommunikasjonsferdigheiter
Tydeleg og vennleg dialog med pasientar og kollegaerVi tilbyrSpennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarHøgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonÅge Nilsen, Driftskoordinator , 55974536
Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474
ArbeidsstadJonas Lies vei 69
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5128663441
Stillingsprosent: 100, 15%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 21.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗