via nav · 27 May 2026 ·10 days ago

Lyst å leie og utvikle Fusa ungdomsskule?

Bjørnafjorden kommune Skulane
Os Full-time
26 jobs in Os — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Fusa ungdomsskule.

Vi søker deg som ønsker å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle arbeidsplassen og skulen for dei tilsette og for elevane. Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil jobbe på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Rektor skal vera pådrivar i arbeidet med skulen som organisasjon, profesjonelt læringsfellesskap og som ein inkluderande arbeidsplass.

Som skuleleiar i Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. I området Oppvekst ligg barnehagar, skular, PPT, barnevernstenesta og førebyggande helseteneste med nærjordmorsenter, helsestasjon og skulehelseteneste. Som leiar innan oppvekstområdet inngår du i eit tverrfagleg leiarfellesskap. Det er tett samarbeid mellom skuleadministrasjonen og rektorgruppa.

Satsingsområda våre er skulemiljø, nærvær og fråvær og rammer for lesing.

Arbeidsstad
Fusa ungdomsskule, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Moderne og flotte Fusa ungdomsskule stod ferdig hausten 2019 og ligg fint til mellom fjord og fjell, sentralt i Eikelandsosen. Skulen har eit flott uteområde som bidreg til aktivitet og moglegheiter for praktisk undervisning. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2025 - 2026 er det om lag 156 kjekke elevar, og eit utviklingsorientert og humørfylt personale på skulen. Utviklingsområda våre dreier seg om trygt og god skulemiljø, undervegsvurdering og lesing.

Arbeidsoppgåver

  • Å vera tydeleg leiar for alle på skulen

  • Å leie pedagogisk utviklingsarbeid

  • Økonomiansvar

  • Forvaltningsoppgåver

  • Overordna personalansvar

  • Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon

  • Samarbeid med politisk og administrativt nivå

  • Tverrfagleg samarbeid

  • Samarbeid med barneskular
Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå med undervisningskompetanse.

  • Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir. 

  • Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

  • I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

  • God IKT- kompetanse.

  • Relevant leiarutdanning/leiarerfaring.

  • Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging.
Vi ser etter deg som
  • er løysingsorientert og har fokus på organisering

  • har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede

  • har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar

  • har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no. 
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

  • Løn etter gjeldande avtalar

  • Leiarstøtte og mentor-ordning

  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson
Janne Martha Efteland Eik, Skulesjef, mobil: 934 05 978, jmee@bjornafjorden.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
26
jobs in Os
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Os?
Currently 26 roles in Os on AlmostHired, across 8 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.