LIS Vikariat
Nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat i 100% stilling for lege i spesialisering i nevrokirugi med oppstart fra første september / evt etter avtale. Vikariatet er tidsbegrensa til 6 månader. Primærvakt er for tida 7-delt døgnvakt. Vikariatet kan telle som del av spesialistutdanninga i nevrologi, annan relavant spesialisering eller nevrokirurgi.
Vi har har hovudansvaret for nevrokirurgisk verksemd i Helse Vest RHF, og greier ut og behandlar pasientar med alle nevrokirurgiske tilstandar. Vi har regionsjukehus-ansvar for 1,2 millionar innbyggjarar og landsfunksjonar for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannomer.
Nevrokirurgisk avdeling er samorganisert med Nevrologisk avdeling i Nevroklinikken. Avdelinga har 25 sengeplassar, kor 9 plassar er knytt til ein eigen overvakingseining. Vi har to særs godt utstyrte operasjonsstover, og gjorde om lag 2500 inngrep i 2024.
Avdelinga har stor forskingsaktivitet og mangeårig samarbeid med andre nasjonale og internasjonale forskingsgrupper, både innan klinisk og preklinisk forsking. Avdelinga har eit godt systematisert utdanningsløp med god veiledning. Cand.Med som venter på gjennomføre LIS-1 oppfordres til å søke på vikariatet.
ArbeidsoppgåverDeltaking i alminneleg vaktturnus og arbeidsoppgåver for legar i spesialiseringKvalifikasjonarDen som blir tilsett som LIS 2/3 må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrokirurgiCand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og søke og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkararRelevant sjukehuserfaring er ønskelegPersonlege eigenskaparGode samarbeidsevner både tverrfagleg og interkollegialt på alle nivå i organisasjonenFleksibel og systematiskInteresse og motivasjon for fagfeltetGode kommunikasjonsevnerTrives i et travelt og aktivt miljøVi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande avtalar mellom Helse Bergen og LegeforeningenEit trygt og hyggelig arbeidsmiljø med god opplæringEit inspirerande og sterkt fagleg miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonRupavathana Mahesparan, Avdelingsleiar, 55975640
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5132203874
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 11.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗