via NAV · 9 September 2026 ·10 days ago

Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi. Vikariat

Kysthospitalet i Hagevik (KiH), Helse Bergen HF
Hagavik
This listing is from NAV
View original listing ↗

Ved Kysthospitalet i Hagevik er det ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 1 år med moglegheit for forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. 

Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. For å dekke læringsmåla innan traumatologi er det avtale om rotasjon til ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling. Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og åpner mandag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt, slik at ein har fri påske og jul/nyttår.

Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisinga av medisinarstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale.

ArbeidsoppgåverArbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplanKvalifikasjonarDen som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk
regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i ortopedisk kirurgiMå meistre norsk skriftleg og munnlegMå ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystemPersonlege eigenskaparPasientorientertAnsvarsbevisstBeslutningsdyktigFleksibelEngasjertBidra til eit godt arbeidsmiljøMå trivast i eit aktivt og travelt miljøVi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomstMedlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikringTriveleg arbeidsmiljøHøgt fagleg nivåVi er ei IA-bedrift, dvs. ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift.LIS legane har 6-delt vaktordning, med fri kvar søndag. Vi har 6-døgnsdrift, dvs. sjukehuset stenger laurdag kl 16:00I tillegg til fri kvar søndag, stenger vi dei fleste helge- og høgtidsdagar. Vi har også stengt i påskeveka, og mellom jul- og nyttår 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonKari Indrekvam, Avdelingssjef, 56565800

ArbeidsstadHagaviksbakken 25

5217 Hagavik

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5175345653

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 22.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
4,217
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Hagavik?
Currently 4,217 roles in Hagavik on AlmostHired, across 1,405 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.