via nav · 2 June 2026 ·4 days ago

Ledige vikariat som radiograf ved Brystdiagnostisk senter

Helse Bergen HF, Radiologisk avdeling
Bergen
331 more jobs in Bergen.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Brystdiagnostisk senter er ein moderne seksjon som pr. i dag er lokalisert i flotte, nye lokale på Haraldsplass diakonale sykehus. 

Seksjonen høyrer til Radiologisk avdeling (Haukeland universitetssjukehus) som til saman har om lag 350 tilsette. Nærare 50 av dei tilsette jobbar på Brystdiagnostisk senter - herunder radiologar, radiografar og merkantilt tilsette. Vi ser no etter nye engasjerte radiografar som har lyst å bidra positivt inn i eit sterkt fagmiljø kva gjeld mammografi og brystkreftutgreiing.  

Brystdiagnostisk senter har ein topp moderne utstyrspark til bruk innan diagnostikk av brystkreft. Seksjonen driv med både mammografiscreening og klinisk verksemd. Seksjonen har 6 stasjonære mammografiapparat fordelt på våre lokale på Haraldsplass Diakonale Sykehus og Danmarksplass. Med topp moderne utstyr kan vi også greie ut presist med 3D-teknikk og kontrastmammografi og kontrastveileda biopsi. Avdelinga er i tillegg heilt i oppstarten av ei KI-studie der radiografane spelar ei sentral rolle.

Radiografane ved Brystdiagnostisk senter rullerar på å jobbe på begge våre arbeidsstader. Radiografane jobbar mest dagtid, men har nokre kveldsvakter i månaden. Seksjonen set kvalitet og effektivitet i høgsetet, og er avhengig av dyktige medarbeidarar som har pasienten i fokus.  

Ved Brystdiagnostisk senter jobbar radiografane tett på pasientar som er under ugtreiing for mogleg brystkreft. Radiografane tar dagleg aktivt del ved prøvetakingar som vakuumbiopsiar og andre biopsiar. Radiografen deltar i pasientnært arbeid med stort fokus på  kommunikasjon - både når pasienten får gode beskjeder, men og når dei får tunge beskjedar. 

Vi har for tida fleire ledige vikariat. 3 stk 100% vikariat ut mai 2027, 3 stk 100% vikariat ut desember 2026 og eit 50% vikariat ut desember 2026

Vi ynskjer å tilsette engasjerte, pasientorienterte og positive radiografar som kan bli ein del av vårt team. 

ArbeidsoppgåverKlinisk mammografiI samarbeid med radiolog ta del i biopsi-taking av svulstarKommunikasjon med pasientar om vidare forløp og svar på biopsiarMammografiscreeningKvalitetskontrollAssistere radiolog ved utgreiing og prøvetakingKreftomsorg KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som radiografDet blir lagt vekt på erfaring frå mammografi Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgareGode kommunikasjonsevner Vi ser føre oss at duHar motivasjon og interesse for fagfeltet Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Kan arbeide godt både sjølvstendig og i team Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt Trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo Er tilpassingsdyktig i ein arbeidskvardag som aldri er lik Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg og travelt arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Relevant opplæring Fagleg og personleg utvikling 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonHIldegunn Siv Aase, Senterleiar, 55 97 64 61, hildegunn.siv.aase@helse-bergen.no

Ina Heggernes Pedersen, Avdelingsradiograf, 55 97 51 59, ina.heggernes.pedersen@helse-bergen.no

ArbeidsstadHaukelandsveien 22

5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5139677980

Stillingsprosent: 100, 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 14.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
331
jobs in Bergen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Helse Bergen HF, Radiologisk avdeling

2 open positions · Bergen

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bergen?
Currently 331 roles in Bergen on AlmostHired, across 110 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.