via nav · 2 June 2026 ·4 days ago

Ledige sjukepleie- og helsefagarbeidarstillingar i tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Vågåheimen

Vågåheimen
Vågå
5 jobs in Vågå — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Ved institusjon Vågåheimen i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nære samarbeid med heimetenesta, legetenesta, friviljuge,  tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget.

Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar, helsefagarbeidar, eller som har byrja på desse utdanningane.

I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. bygging og oppgradering av bygget Vågåheimen til ein topp moderne institusjon! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat:

66% sjukepleiar natt -- Vikariat fram til november 2026

80% fast helsefagarbeidar frå 01. september 2026

Helgestillingar frå ca 20-30% stillingar kvar 3 eller 4 helg, vanlege vakter eller langvakter, engasjement stillingar

Tilkallingsvikarar Vågåheimen, yrkesgrupper alle

Vi ber om at de skriv i søknaden kva for stilling du søkjer på.

Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus for fleire av stillingane, og langvakt på vekedagar. Om du har andre ynskje for stillingsprosent enn det som er oppgjeve over, ynskjer vi likevel å høyre frå deg.

Tenesteområdet Helse- og omsorg (heimesjukepleie og institusjon Vågåheimen) har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Ansvarsvakt sjukepleiar på natt har ekstra godtgjersle.

Arbeidsoppgåver:

Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar

Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp

Samarbeid med heimetenesta, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar

Ansvarsvakt for sjukepleiarar
 Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar/ fagbrev helsefagarbeidar eller har starta på utdanningane

Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt

Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)

God fagleg innsikt og tryggheit

Eigenskapane dine:

Fagleg engasjert

Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig

Kreativ og endringsorientert/-viljug

Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner

Initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet

Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Fleksibel, lojal og er ein lagspelar

Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

Vi tilbyr:

Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som tilsett vert viktig for utvikling av tenesta

Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer

Internundervisning, kompetanseheving, refleksjonsmøte og fagleg utvikling

Konkurransedyktig lønn

Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Venlegast informer i søknaden om du kva for type stillingar du søkjer på (samt ynskje om stillingsprosent).

Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar.

Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

The market for this type of role

Similar openings
5
jobs in Vågå
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Vågå?
Currently 5 roles in Vågå on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.