via nav · 2 June 2026 ·5 days ago

Lærar i kroppsøving

OPK-AO - Avd. Kroppsøving, Vestland fylkeskommune
Kleppestø
16 jobs in Kleppestø — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Trivst du med ungdom, er engasjert i faget ditt og opptatt av elevene sin læring?
Askøy videregående skole har ledig ein fast stilling, og eit vikariat, som lærar i kroppsøving. Stillinga er ledig frå 1. august 2026. 

Askøy videregående skole har omlag 710 og 110 tilsette. 

Skulen har nye moderne undervisningslokalar på Myrane ved Kleppestø. Det er gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen. Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi - og industrifag, studiespeseialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen særskilt tilrettelagt opplæring i eigne grupper. 

 

Vi har ledig totalt 35% stilling som lærar i kroppsøving fast og vikariat for skuleåret 26/27

Arbeidsoppgåver35% undervisningsstilling i kroppsøving, både på studiespesialisering og på yrkesfag.

Vi ønskjer oss ein kollega som er utviklingsorientert, har gode samarbeidsevner og legg vekt på dialog for å utvikle et godt fagmiljø saman med andre på skolen. Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet. Du har ein inkluderande praksis i møte med elevane, og har deira læring i fokus. Den som blir tilsett må ha gode kunnskapar og interesse for bruk av IKT i opplæringa. 

KvalifikasjonarForskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.

Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.

Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.

Det er ynskjeleg med:

  • Undervisningserfaring

  • Erfaring i bruk av IKT 

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevnePersonlege eigenskaparDu er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.

Du har god pedagogisk forståing.
Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.Vi tilbyrEit aktivt og stimulerande fagmiljø.
Gode høve til eiga læring og utvikling. 
Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.KontaktinformasjonÅse Stensland, avdelingsleiar, 93468232

ArbeidsstadSøre Myrane

5300 Kleppestø

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5136469501

Stillingsprosent: 17,5%

Fast, Vikar

Startdato: 01.08.2026

Søknadsfrist: 15.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
16
jobs in Kleppestø
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Kleppestø?
Currently 16 roles in Kleppestø on AlmostHired, across 5 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.