via NAV · 11 September 2026 ·8 days ago

Lønsansvarleg - 100% fast

Økonomi og samfunn, Vinje kommune
Vinje Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Ynskjer du å utvikle deg fagleg innan lønsfaget, og vera ein viktig ressurs i ein organisasjon i stadig utvikling? 

Som lønsansvarleg i Vinje kommune får du ei sentral rolle i Vest-Telemarks største arbeidsplass. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø i økonomiavdelinga, der læring, samarbeid og kontinuerleg forbetring står i fokus. Me ynskjer å leggje til rette for at du kan utvikle både fagkunnskap og erfaring, samstundes som du bidreg til å vidareutvikle og effektivisere arbeidsprosessane innan lønsområdet og grensesnittet mot rekneskap og HR.

Som lønsansvarleg får du arbeide med komplekse og varierte problemstillingar, halde deg oppdatert på regelverk, og bidra til utvikling av gode rutinar og digitale løysingar. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag, bygge spesialkompetanse og vere ein sentral fagperson for heile organisasjonen.  

Økonomiavdelinga består av sju medarbeidarar med brei kompetanse innan løn, rekneskap, fakturering og økonomisk rådgiving. Me samarbeider tett, deler kunnskap og legg til rette for fagleg utvikling på tvers av ansvarsområda og tenesteområda. 

Velkomen med på laget!

ArbeidsoppgåverFagansvar knytt til kommunens lønsarbeidAnsvar for lønsprosessar frå A til Å Systemansvar for lønssystemet og kvalitetssikring av overføring frå fagsystemAnsvarleg for opplæring internt på avdelinga og ute i verksemdeneKontakt og oppfylging mot kommunerevisjonenBistå leiarar og tilsette i løns- og HR-relaterte spørsmål i samarbeid med kommunen si HR-avdelingRapportering til offentlege myndigheiter Avstemming av lønsrelaterte kontoar og oppfylging mot rekneskap Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid og digitalisering av prosessar Oppfylging av reiser, utlegg, fråvær og refusjonar  KvalifikasjonarUtdanning på minimum bachelornivå innan rekneskap, revisjon eller økonomi, fortrinnsvis med 3-5 års relevant praksisErfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagtGode digitale ferdigheiter og interesse for effektive arbeidsprosessar God kjennskap til aktuelt lov- og avtaleverk Kjennskap og erfaring frå ERP system til Unit4 og GAT er ein fordelGod økonomiforståing og evne til å arbeide sjølvstendigEvne til å ta ansvar og takle mange arbeidsoppgåverGod evne til samarbeidPersonlege eigenskapar

Du har evne til å organisere og arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig med arbeidsoppgåver, slik at du held fristarDu har gode kommunikasjons- og relasjonseigenskaperDu er nøyaktig og opptatt av detaljarDu er strukturert, analytisk og har stor arbeidskapasitetDu er proaktiv og løysningsorientertDu har god skriftleg og munnleg framstillingsevne Du har evne til å motivere andre og jobbe i teamMe legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Vi tilbyr

Ei spanande og viktig rolle i ein framtidsretta organisasjon Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende Faglege utviklingsmoglegheiter Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår Full barnehagedekning og hjelp til å skaffe bustadGod forsikrings- og pensjonsordningAktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.

KontaktinformasjonTore Åsland, Økonomisjef, +47 95723348

ArbeidsstadVinjevegen 192

3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5178437863

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.09.2026

The market for this type of role

Similar openings
4,217
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Vinje?
Currently 4,217 roles in Vinje on AlmostHired, across 1,405 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.