via NAV · 7 September 2026 ·12 days ago

Kommersiell leiar - Enivest AS

Visere
Førde Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Kommersiell leiarEnivest søkjer ein kommersiell leiar som vil setje retning, utvikle menneske og skape resultat. Du får ei sentral rolle i å vidareutvikle selskapet sin kommersielle posisjon i ein marknad i endring.

Du får det samla ansvaret for sal, marknad og kommersiell utvikling. Du skal leie eit kompetent fagmiljø, styrkje samspelet på tvers av organisasjonen og omsetje strategi og marknadsinnsikt til tydelege prioriteringar.

Kommersiell leiar rapporterer til administrerande direktør og inngår i leiargruppa.

Eit breitt kommersielt ansvarOppdraget er å utvikle og realisere den kommersielle strategien til Enivest. Du skal sjå marknad, kundebehov, sal og produkt i samanheng, identifisere moglegheiter og omsetje innsikt og strategiske val til tydelege mål og handling.

Rolla omfattar personalansvar og overordna budsjett- og resultatansvar for det kommersielle området. Du skal leie erfarne og sjølvstendige medarbeidarar, leggje til rette for gode avgjerder og følgje opp utvikling og leveransar. Du skal òg vere ein pådrivar for kommersiell utvikling og bidra i viktige prioriteringar på tvers av organisasjonen.

Kven ser vi etter?Kanskje har du bakgrunn frå ei leiande rolle innan sal eller marknad. Eller kanskje kjem du frå ei anna leiarrolle med kommersielt ansvar. Vi legg større vekt på motivasjonen din for oppdraget og kva du kan tilføre Enivest enn på den nøyaktige tittelen du har hatt.

Du har erfaring med å utvikle både organisasjon og medarbeidarar. Du veit korleis strategi blir omsett til mål og aktivitet, og bruker data, kundeinnsikt og marknadsforståing til å prioritere og ta avgjerder. Erfaring frå større endringsprosessar eller integrasjonsarbeid vil vere viktig i rolla.

For å lukkast må du vere tydeleg på retning og forventningar, samtidig som du gir erfarne medarbeidarar rom til å ta ansvar. Du må kunne stå støtt når du møter motstand, og halde både retning og framdrift gjennom endringar som tek tid.

Du treng ikkje ha bakgrunn frå telekom, men må vere nysgjerrig på teknologi og kunne setje deg raskt inn i verksemda og marknaden vi opererer i. Du har relevant høgare utdanning.

Kvifor Enivest?Enivest kombinerer lokal marknadsforståing og nærleik til kundane med eit sterkt fagmiljø og ein etablert posisjon på Vestlandet. Her er vegane korte frå idé til avgjerd, og du får høve til å påverke både retning og gjennomføring.

Selskapet går inn i ein ny fase. Eit breiare tenestetilbod og nye fagmiljø gir fleire moglegheiter å spele på, samtidig som Enivest skal byggje vidare på den lokale krafta. Som kommersiell leiar får du ei sentral rolle i å omsetje dette til verdi for kundane og selskapet.

Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og bidreg til lokal vekst og verdiskaping. Du får eit breitt mandat, høve til å påverke og eit leiaroppdrag der resultata av arbeidet ditt blir synlege.

Lyst til å ta ein prat om stillinga?

Ta kontakt:
Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Jorunn Skrede Klakegg – 982 40 361 / jorunn@visere.no

Vi ser fram til å motta din søknad og CV.

Alle søknadar vert behandla fortløpande.

The market for this type of role

Similar openings
17
jobs in Førde
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Førde?
Currently 17 roles in Førde on AlmostHired, across 5 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.