Kokk - 65% vikariat
Rauland skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår, med idrettsanlegg vegg i vegg og flotte turmoglegheiter og skiløyper i nærleiken. Me er ein inkluderande og framtidsretta skule, der tryggleik, trivsel og fagleg utvikling står i sentrum. Me er omlag 170 elevar og rundt 40 tilsette.
No søkjer me ein engasjert og sjølvstendig kokk til skulekjøkkenet vårt. Stillinga legg opp til komprimert arbeidsår der du har fri i alle elevane sine friperiodar.
Har du erfaring frå liknande arbeid, er blid og har lyst til å gjere ein forskjell i elevane sitt kosthald, samstundes å ha fri i alle feriar, då er dette stillinga for deg!
ArbeidsoppgåverPlanlegging og tilbereding av måltid Samarbeide med tilsette og elevar - kunne ha elevar med som hjelp innimellomInnkjøp og kontroll av råvarerSikre gode rutinar for hygiene og mattryggleik (i tråd med regelverk)Reinhald og vedlikehald av kjøkkenTilrettelegging for allergenar og særskilde behovBidra til eit inkluderande og triveleg måltidsmiljø
KvalifikasjonarFagbrev som kokk Ha gode norsk dugleikar (tilsvarande nivå B på norskprøva)
Kunnskap om IK-mat og gjeldande regelverkKjennskap til ernæring og tilrettelegging av måltid for barn og ungeErfaring frå skule, kantine eller storkjøkkenErfaring med å halde seg innafor eit årsbudsjett Ved mangel på kvalifiserte søkjarar og/eller dersom personleg eignaheit ikkje tilseier det:
Relevant erfaring frå kjøkken kan kompensere for manglande fagbrevSøkjarar utan formell utdanning kan vurderast Personlege eigenskaparSjølvstendig og ansvarsmedvitenStrukturert og løysingsorientertGode samarbeidsevnerFleksibel og serviceinnstilt
Du må prioritere jobb høgt og vere stabilt på jobbPersonleg eignaheit vil bli vektlagd
Vi tilbyrLøn fagarbeidar kokk: mellom 470 800kr - 609 300kr, i 100% stilling
Løn kjøkkenmedarbeidar: mellom 419 900kr - 551 100kr, i 100% stillingKomprimert arbeidsår, fri i alle skuleferiarGod forsikrings- og pensjonsordningAktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
Mogleg forlenging av stilling ut skuleåret 26 - 27 om situasjonen på skulen tilseier det
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
KontaktinformasjonAud Lillian Hustveit, Verksemdsleiar Rauland skule, +47 95752799
ArbeidsstadRjukanvegen
3864
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5132523314
Stillingsprosent: 65%
Vikar
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 08.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗