Kantor / kyrkjemusikar
Vaksdal kyrkjelege fellesråd dekkjer seks sokn og sju kyrkjer i ein vakker kommune mellom Bergen og Voss. Med E16 og Bergensbanen rett gjennom kommunen har vi rask kommunikasjon til begge byar, og vi nyt godt av både by- og bygdekultur. Naturen varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap – og kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og frivillige lag.
Kyrkjene er utstyrte med gode instrument. Mellom anna Steinmeyer/NOHF med 35 stemmer på Dale og Jehmlich med 20 stemmer på Vaksdal. Samt Yamaha C3-flygel på både Dale og Vaksdal.
Vi søkjer ein engasjert og musikalsk person til fast stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % stilling
ArbeidsoppgåverPlanlegge og gjennomføre gudstenester og kyrkjelege handlingar, i samarbeid med prest og stab
Spele akkompagnement og leie eventuelt korarbeid og konsertverksemd
Bidra til eit breitt og variert musikalsk uttrykk i gudstenester og anna kyrkjeleg verksemd
Utvikle song- og musikklivet i sokna
Spele på andaktar ved institusjonar
Noko møteverksemd og administrativt arbeid KvalifikasjonarUtdanning i samsvar med tenesteordninga for kantorar. Søkjarar med anna relevant kompetanse, realkompetanse eller kyrkjemusikalsk utdanning vert òg vurdert
Meistring av kyrkjeorgel og/eller piano
Erfaring med akkompagnement
Banderfaring er ynskjeleg
Dirigenterfaring frå barne- og ungdomskor er ein fordel
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Personlege eigenskaparVi søkjer deg som er strukturert og sjølvstendig, og som trivst med å samarbeide – både med fast tilsette og frivillige. Du er ryddig, kreativ og løysingsorientert, og du har gode kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.Arbeidsstad og vilkårKontorstad: Kyrkjekontoret på Dale. Tenestested: alle seks sokn i Vaksdal
Næraste overordna: kyrkjeverja
Arbeidstid: fleksibel; kvelds- og helgearbeid må påreknast
Løn: etter kyrkjeleg tariff og kvalifikasjonar
Pensjon: KLP med 2 % innskot av brutto løn
Krav: Førarkort klasse B og disponibel bil
Krav: Medlemskap i Den norske kyrkja og politiattest
Tilsetjing skjer i samsvar med lov, reglement og tariff. Søkjar må vera budd på eventuelle endringar i kommunestrukturen.Søknad og kontakt
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Kyrkjeverje Bjart-Magnus Rosvold tlf 97 69 75 62. e-post br233@kyrkja.no
Eventuelt send søknad med CV og relevante attestar til Vaksdal kyrkjelege fellesråd, pb 113, 5721 Dalekvam
KontaktinformasjonBjart-Magnus Rosvold, Kyrkjeverje, 97 69 75 62, br233@kyrkja.no
Elisabeth Verpelstad
ArbeidsstadFabrikkvegen 3
5722 Dalekvam
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vaksdal kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5138117499
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 26.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗