via nav · 29 May 2026 ·8 days ago

Interiørarkitekt - Eigedomsavdelinga, Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen
Bergen Full-time
331 more jobs in Bergen.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga:Vil du vere med og forme framtidas lærings- og arbeidsmiljø ved Universitetet i Bergen? Hos oss får du jobbe i hjartet av ein historisk campus – samstundes som du bidreg til å utvikle moderne, fleksible og berekraftige rom for studentar og tilsette.

Eigedomsavdelinga forvaltar, driftar og vedlikeheld om lag 95 bygg med eit samla areal på 390 000 m², inkludert 102 000 m² innleigde areal. Bygningsmassen spenner frå historiske bygg til moderne undervisnings- og laboratoriebygg, og om lag ein tredel av bygga er freda eller verna. Avdelinga har rundt 100 tilsette og er delt i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og stab, og Større satsingar.

Prosjektseksjonen har ansvar for administrativ gjennomføring av byggeprosjekt, rehabilitering, vedlikehald, interiør og arealforvaltning. Du vil bli en del av interiørgruppa vår, og jobbe tett saman med dei andre interiørarkitektane, vår egen gjenbrukskoordinator, byggeprosjektleiarane, tett på brukarene og tett på resultata.

UiB har stort fokus på å skape attraktive, sosiale og inspirerande læringsareal som gjer at studentane har lyst til å være på campus, i tråd med «Sticky Campus»-prinsippet.

Berekraft og sirkulær økonomi er og ein del av kvardagen. Vi er godt i gang, og ønskjer no å styrke kompetansen og engasjementet i avdelinga, mellom anna innan ombruk og redesign.

Arbeidsoppgåver:I rolla som interiørarkitekt vil du ha ei sentral rolle i å utvikle gode romopplevingar ved UiB. Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna å:

Leie og gjennomføre interiørprosjekt, inkludert koordinering av utførandeUtforme inspirerande og funksjonelle læringsmiljø og gode arbeidsmiljøGjennomføre val av materiale, møblar, fargar, lys og akustiske løysingarIntegrere ombruk og redesign i prosjekta, i tråd med berekraftstrategien til UiBTeikne og visualisere i AutoCAD/Revit (eller tilsvarande)Jobbe tett i dialog med brukarar, prosjektleiarar, drift og leverandørar • Ivareta universell utforming, HMS og kvalitet i alle løysingarDelta i lett, praktisk arbeid for å sikre god flyt i møbelombruk
Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kvalifikasjonar – dette må du ha:

Utdanning som interiørarkitekt (bachelor/master eller tilsvarande) Lang og relevant erfaring kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilde høve kompensere for manglande formell utdanningKunnskap om og interesse for sirkulær økonomi og ombruk/redesignGod evne til å samarbeide og handtere fleire prosjekt samtidigGode kommunikasjonsevner og flytande norsk, skriftleg og munnlegDet er ein fordel om du også har:

Erfaring med prosjektleiing i interiør- og byggeprosjektErfaring med programmering, brukerprosesser og tidligfaseKjennskap til universell utforming, og offentlege byggjeprosessar og anskaffingarErfaring med digitale visualiserings- og prosjekteringsverktøy, som til dømes AutoCAD og Adobe-pakken (Illustrator, Photoshop osv.)God forståing for farge- og materialbrukEvne og vilje til å bidra i lett møbelrelatert arbeid på ombrukslager vårt for møblerPersonlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

Jobbar sjølvstendig, men trivst med å samarbeide med andreEr målretta og får ting gjortTek initiativ, tenkjer kreativt og finn gode løysingarHar lyst til å utvikle deg fagleg og bidra i spennande oppdragHar eit ekte engasjement for berekraft og søkjer å finne sirkulære løysningarEr praktisk orientert og ikkje redd for å «ta i eit tak»Etterlever verdiane våre: redeligheit, respekt, samhandling og openheitLegg ved søknaden:
Legg ved døme på 2–5 eigne arbeid (maksimalt tre sider per prosjekt) og skildre rolla di i det aktuelle prosjektet.

Vi tilbyr:Ei fagleg interessant rolle med stor variasjon i oppgåverProsjekt av ulik storleik og kompleksitet, tett på universitetet si verksemdEit erfarent og tverrfagleg prosjektmiljøStilling som overingeniør (kode 1087) i årsløn kr. 642 000 – 710 000, eller senioringeniør (kode 1181) i årsløn kr 722 000 - 800000 etter kvalifikasjoner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare lønGode moglegheiter for fagleg og personleg utviklingMedlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarHer kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://www.uib.no/eia/96627/eiendomsavdelingen-som-arbeidsplass

Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  Gruppeleiar Interiør, Anette Mjørlaug Spord, anette.spord@uib.no tlf 97068423, Seksjonsleiar Prosjektseksjonen, margrethe.storheim@uib.no Margrethe Aven Storheim, Tlf 92241966.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll, og dette regelverket kan bli relevant ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

The market for this type of role

Similar openings
331
jobs in Bergen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Universitetet i Bergen

11 open positions · Bergen

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bergen?
Currently 331 roles in Bergen on AlmostHired, across 110 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.