IKT arkivar – elektroniske arkiv og digitalt depot
Vestland fylkeskommune har ledig fast stilling som IKT‑arkivar.
Vi søker ein medarbeidar med god IKT-forståing som vil arbeide praktisk med mottak, kvalitetssikring og bevaring av elektronisk skapte arkiv frå kommunane i Vestland. Stillinga ligg i skjeringspunktet mellom arkiv og IT, og passar for deg som trivst med system, data, feilsøking og tekniske problemstillingar.
Stillinga er plassert i Kommunearkivordninga i Vestland, som er ein del av seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune.
Om oss
Kommunearkivordninga i Vestland (KAV) er eit interkommunalt arkivsamarbeid som leverer depottenester for papirbaserte og elektroniske arkiv, samt rådgjeving og tenester innan arkivordning, digitalisering og tilgjengeleggjering for kommunane i samarbeidet.
Kommunearkivordninga er ein av to fageiningar i seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune. Det er tett samarbeid på tvers av einingane, særleg innan depot, system, digital tilgjengeleggjering og fagleg utviklingsarbeid.
Eit nytt arkivbygg, aukande mengd digital dokumentasjon og nye krav til bevaring og innsyn pregar arbeidet, og elektroniske arkiv har ei stadig viktigare rolle. Vi er på jakt etter ein medarbeidar som ønskjer å vere med å vidareutvikle dette spennande fagfeltet.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte:
mottak og sikring av elektroniske arkiv i digitalt depotarbeid med databasar, metadata, datastruktur, format og dokumentasjonarbeid med innsyn og tilgjengeleggjering av digitale arkivvidareutvikling av rutinar og tekniske løysingar for elektronisk depotsamarbeid og dialog med:kommunane (arkivskaparar)IT‑miljø og IKT‑selskaparkiv‑ og systemleverandørarplanlegging, gjennomføring og kontroll av arkivuttrekk frå sak‑/arkivsystem og kommunale fagsystemvalidering, feilsøking og kvalitetssikring av digitale arkivleveransarrådgjeving og rettleiing
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
KvalifikasjonarVi søker deg som har:
høgare utdanning innan IT, informasjonsvitskap, arkiv, dokumentasjonsforvaltning eller tilsvarande
(lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet)god IKT-forståing og interesse for arbeid med digitale system og dataI tillegg ønskjer vi søkjarar som har erfaring eller kompetanse frå eitt eller fleire av områda nedanfor. Denne kompetansen vil bli vektlagt i vurderinga, men er ikkje eit krav for å søkje. Vi er opptekne av heilskapleg kompetanse og oppmodar søkjarar med relevant bakgrunn til å melde si interesse, også om dei ikkje dekker alle punkta.
elektroniske arkiv og arkivuttrekk (Noark, fagsystem)databasar og datauttrekk (t.d. SQL, XML, CSV)dataanalyse, kontroll og kvalitetssikring av datalagring av data, dataredundans og langtidsbevaringsløysingar sak /arkivsystem og kommunale fagsystemerfaring frå kommunal eller interkommunal sektor Våre medarbeidarar bør ha førarkort klasse B.
DAMA / data management
Vestland fylkeskommune ser positivt på DAMA sertifisering (Certified Data Management Professional – CDMP). Dette er ikkje eit krav, men det er ein fordel om du har, eller ønskjer å ta, slik sertifisering.
DAMA er eit internasjonalt rammeverk for strukturert arbeid med data og datastyring, og er relevant for arbeid med metadata, datakvalitet, livsløp og bevaring av digital informasjon. Det kan vere aktuelt å gjennomføre sertifisering som del av stillinga.
Personlege eigenskaparVi ser etter ein medarbeidar som:
arbeider strukturert, nøyaktig og sjølvstendigsamarbeider godt med både tekniske og arkivfaglege miljøgod norsk skriftleg og munnleg framstillingsevneer utviklingsorientert og fagleg nysgjerrigkan gje rådgjeving og opplæringVi tilbyrei samfunnsviktig og fagleg spennande stilling i Vestland fylkeskommunearbeid i eit sterkt arkivfagleg miljø på Leikangerstøtte til kurs og sertifisering, mellom anna DAMA / CDMP, etter nærare avtalefleksibel arbeidstid og høve til heimekontor etter gjeldande avtale i VLFKløn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverkgode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Stillingskode: spesialkonsulent eller rådgjevar etter utdanning og VLFK sine retningslinjer
Tiltreding: Etter avtale
KontaktinformasjonSigrun Espe, leiar, 99044666
ArbeidsstadAskedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5121671945
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗