via nav · 12 June 2026 ·1 day ago

ID 2447 Sjukepleiar/vernepleiar ved avdeling Gullskar - Stord sjukeheim

Stord kommune
Stord Full-time
38 jobs in Stord — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar. Denne stillinga er ved avdeling Gullskar. Det kan og verta mogleg å jobbe i sjukepleiarteam som skal etablerast i løpet av 26/27. Gullskar er avdeling med plassar for pasientar med utfordringar knytt til demenssjukdom. Avdelinga har fokus på personsentrert omsorg og miljøterapautiske tiltak i arbeidet. Som sjukepleiar i avdelinga vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar.

Stord sjukeheim er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som sjukepleiar eller vernepleiar vil vera viktig inn i dette arbeidet.

Det er ledig fast 100% stilling for autorisert sjukepleiar eller autorisert vernepleiar i 2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg eller langvakter 13,5 t med arbeid kvar 4. helg

Arbeids- og ansvarsområde:

I denne stillinga vil di ta del i og ha ansvar for:

samhandling og tverrfagleg samarbeid

målretta miljøarbeid

tilrettelegging for kvardagsmeistring

tiltak, evaluering og dokumentering

å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane

å hjelpe menneske i ulike livssituasjonar til å meistra eige liv på best mogleg måte.

palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.

legemiddelhandtering

Arbeidet med og etter vedtak i pasientrettigheitslova §4A

fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.

å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.

delta aktivt inn i eininga sitt sjukepleiar/vernepleiarteam og delta på fagmøter og bidra til kunnskapsdeling i eininga.

vere ein del av ei eining med mange spesialsjukepleiarar som vegleiar innan sår, demensomsorg, kreftsjukepleie, geriatri, psykiatri og leiing

Ved tilsetjing vil me vektlegga:

personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.

brukarorientert tilnærming

evne til å vera nyskapande i arbeidet

Kunnskap om geriatri og demensomsorg.

Kvalifikasjonskrav:

Autorisert sjukepleiar eller autorisert vernepleiar

Det er ei føremun med erfaring innan geriatri og demensomsorg

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato

Me kan tilby:

Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

Godt arbeidsmiljø

Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Britt Nelly Hystad Barane, einingsleiar mob 92486358, Britt.Nelly.Hystad.Barane@stord.kommune.no

The market for this type of role

Similar openings
38
jobs in Stord
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Stord kommune

4 open positions · Stord

📊 Job market · Norway
5,950
active jobs
2.6%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Stord?
Currently 38 roles in Stord on AlmostHired, across 12 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.