via NAV · 9 September 2026 ·10 days ago

ID 1071 Driftsoperatør uteareal, 100% fast stilling

Fitjar Kommune, etat for samfunnsutvikling og drift, drifsavdelinga
Fitjar Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Vil du bidra til trivsel og vakre uteområde i Fitjar kommune?

Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for drift og vedlikehald av den kommunale eigedomsmassen. Me søkjer ein arbeidsam og positiv medarbeidar som ønskjer å bidra til trivsel og eit godt arbeidsmiljø gjennom arbeid med kommunale uteanlegg og grøntområde.

Fitjar kommune har eit variert landskap med parkar, vegar, leikeplassar, uteområde ved kommunale bygg og fleire viktige møteplassar. No treng me ein ny kollega som trivst med arbeid utandørs og som bryr seg om kvaliteten på dei offentlege areala våre.

Stillinga er organisert under eining for tekniske tenester.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vera

Drift, vedlikehald og generell oppfylging av dei kommunale uteområda, inkludert park, veg, kai og uteområde til bygg, mellom anna:

Plenklipping, kantklipping og generelt stell av grøntareal

Beskjering, planting og stell av buskar, tre og prydareal

Kontroll og tilsyn av leikeplassar

Enkelt vedlikehald og dagleg ettersyn av maskiner og reiskap

Snørydding og strøing i vinterhalvåret (ved behov)

Drift og vedlikehald av kommunale vegar, fortau, plassar, overvassanlegg, sandfang og gatelys

Som tilsett i den kommunale eigedomsdrifta må du rekna med å bidra til andre driftsoppgåver ved behov, mellom anna knytt til dei kommunale bygga. Du vil også inngå i teknisk vaktordning.

Vaktordninga er fordelt mellom tilsette innan eigedomsdrift og vatn og avlaup, og inneber roterande vekesvakt, inkludert helg, knytt til kommunale bygg og vassverk.

Kvalifikasjonar

Fagbrev som gartnar, anleggsgartnar eller tilsvarande relevant fagbakgrunn.

Erfaring med maskiner som traktor, plenklipparar, kantklipparar og motorsag

Kompetansebevis for motorsag/ryddesag er ynskjeleg

Sprøytesertifikat er ynskjeleg

Førarkort klasse BE, og T 142, T 144 eller T 148. Viss du ikkje har desse to sertifikata, er det ein føresetnad for å verta tilsett at du tar det/dei innan seks månadar frå tiltreding i stillinga.

Erfaring frå teknisk drift eller byggdrift er ein føremon, men ikkje eit krav.

Interesse, vilje og evne til å læra deg dei delane av faget som du eventuelt ikkje har kjennskap til frå tidlegare.

Evne til å arbeida sjølvstendig.

Du trivst med fysisk arbeid ute i all slags ver.

Du er strukturert, påliteleg og serviceinnstilt.

Du bidreg positivt i arbeidsmiljøet og er løysingsorientert.

Personlege eigenskapar vil verta vektlagd.

Me kan tilby

Spanande, meiningsfylte og praktiske arbeidsoppgåver

Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar

God offentleg pensjonsordning

Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA -verksemd)

Dersom søkjaren ynskjer å verta unnateken frå den offentlege søkjarlista, må dette spesifiserast og grunngjevast i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan verta gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verta ført opp på søkjarlista. Deling av søkjarlista med medsøkjarar er ikkje å rekna som offentleggjering. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med einingsleiar for tekniske tenester Magne Træet, tlf 91 81 94 87.

The market for this type of role

Similar openings
4,217
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Fitjar?
Currently 4,217 roles in Fitjar on AlmostHired, across 1,405 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.