Helsesekretær og sekretær - faste stillingar
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:
Kirurgisk Klinikk, urologisk poliklinikkBemanningssenteret
ArbeidsoppgåverKirurgisk klinikk, urologisk poliklinikk - vi behandlar ca 18500 pasientar kvart år med hovudvekt på kreftpasientar, i tillegg til pasientar med steinproblematikk og nevrourologiske tilstandar. Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar bør du søke stilling hos oss.
Her jobbar vi eit høgt tempo som krev god logistikk av dyktige og fleksible medarbeidarar. Vi har høg kompetanse mellom ulike arbeidsgrupper. Vi søker ein engasjert og dyktig sekretær til 100% fast stilling.
Kontakt: Mariell Hansen, Tlf. 55971624/41251571
Bemanningssenteret er Haukeland universitetssjukehus sitt interne bemanningsbyrå. Vi formidlar personell til alle avdelingar i sjukehuset for kortare eller lengre oppdrag. Som tilsett hos oss vil du få ein unik moglegheit til å opparbeide deg brei kompetanse, fagleg utvikling og bli godt kjent med mange ulike einingar på sjukehuset. Leiar for den merkantile gruppa i Bemanningssenteret gjennomfører jamlege personalmøte og fagdagar for dei tilsette.
Kontakt: Sigrun Hoem Evensen, Tlf. 90740524
Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling
Pasientadministrative oppgåverTelefon/resepsjonstenesteBestilling av transport/overnatting/tolk med meirØkonomisk oppgjerYte service til pasientar, pårørande og kollegaerAdministrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr/transport/tolk
Kvalifikasjonar
Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretærHelsesekretær må ha norsk autorisasjonRelevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit kravDu må ha gode IKT-kunnskaparKunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordelDu må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevnerNøyaktigheit ServiceinnstillingFleksibel og evne til å ta utfordringarKunne arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstFagleg og personleg utviklingGode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp
verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har
du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare
utdanning og kompetanse
KontaktinformasjonSjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5178378444
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2026
This listing is from NAV. View original listing ↗