via nav · 28 May 2026 ·9 days ago

Helsefagarbeidarar - 3 faste stillingar

Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Skjåk Full-time
3 jobs in Skjåk — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du vere med og skape ein trygg og meiningsfull kvardag for eldre i Skjåk? No har vi fleire ledige stillingar som helsefagarbeidar ved Skjåk kommune, med eit inkluderande fagmiljø, fleksible turnusløysingar og moglegheit til å gjere ein viktig skilnad -- kvar einaste dag.

Skjåk kommune har ledig 3 stillingar som helsefagarbeidar, arbeidsplass for tida Skjåkheimen.

Helsefagarbeider 100% ledig frå 01.08.26

Helsefagarbeider 100% ledig pr d.d.

Helsefagarbeider 80% stilling ledig pr d.d.

Det er fleksibelt helgemønster på stillingane med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter.

Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen.

Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har over lang tid satsa på å byggje ut omsorgsbustader som ligg sentrumsnært. 14 av bustadane ligg under same tak som sjukeheimen.

Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

Kvalifikasjonar

Fagbrev som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, andre med liknande erfaring og praksis er velkomne til å søkje.

Godkjent politiattest av nyare dato.

Førarkort klasse B.

Vi vektlegg at du

er motivert for å arbeide med eldre og arbeider for å oppretthalde kvardagsmestring hjå brukarane.

er fagleg engasjert og vil halde deg oppdatert.

syner fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardag.

samarbeider med samarbeidspartar som; pårørande, Skjåkheimen, legevakt og spes.helsetenesta.

har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.

har erfaring frå liknande arbeid.

har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

har generell forståing for bruk av meistringsteknologi.

kan dokumentere i høve til lover og forskrifter.

Vi tilbyr

tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.

pensjonsordning i KLP.

Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.

Søknadsfrist 17.06.2026
Elektronisk søknadsskjema

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om Skjåk?
Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune

Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.

Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no.

Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?

Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

The market for this type of role

Similar openings
3
jobs in Skjåk
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

3 open positions · Skjåk

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Skjåk?
Currently 3 roles in Skjåk on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.