Helsefagarbeidar ved Surnadal sjukeheim, fast og vikariat
SURNADAL SJUKEHEIM HAR LEDIG FASTE STILLINGAR OG VIKARIAT FOR HELSEFAGARBEIDARAR.
Stillingane inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg. I tillegg kan andre stillingar og vikariat bli ledig.
Kommunen er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisatorisk tilknytning, kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.
Om oss
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD ( Øyeblikkelig Hjelp Døgnopphald) Nokre av våre ansatte har stillinga si, eller deler av stillinga si i ein Bemanningspool for sjukeheimen. Den utlyste stillinga inneheld muligheter for desse variasjonane.
Hos oss har vi stort fokus på:
fagutviklingkvalitet i tenestenevelferdsteknologiaktivitetarmatglederefleksjonVi søkjer etter:
helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar med autorisasjonvi ønskjer oss både deg som er nyutdanna og deg som har erfaringdu må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjonArbeidsoppgåver:
oppgåver og ansvar i samsvar med utdanninga som helsefagarbeidarstell og pleiesamhandling og tverrfagleg samarbeidveiledning og opplæring av elevar, vikarar og lærlingar.observasjon og dokumentasjonbruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
Personlege eigenskapar:
Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og fokusert på å finne løysingar, noko som inneber at at du er fleksibel. Godt humør og gode samarbeidsevner er gode ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi kan tilby:
fagleg utviklinggodt arbeidsmiljølønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkårgode pensjons- og forsikringsordningarturnus med mogleg individuell tilpassingflyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from NAV. View original listing ↗