Helsefagarbeidar i Arbeid og inkludering
Om stillingaVåken nattevakt – 70 % stilling ved Vestlia Bofellesskap
Vi har no ledig ei 70 % stilling som våken nattevakt ved Vestlia Bofellesskap. Som nattevakt blir du ein viktig del av tenesta og bidreg til tryggleik, ro og gode tenester for bebuarane gjennom natta.
Det er to nattevakter på jobb kvar natt, men dei arbeider i ulike bygg. Nattevaktene samarbeider og støttar kvarandre ved behov.
Hos oss arbeider vi med langvakter i helgene, med ei vaktlengd på 12,25 timar.
Dette er ei meiningsfull stilling for deg som er trygg, sjølvstendig og ansvarsbevisst, og som trivst med nattarbeid. Du må kunne gjere gode faglege vurderingar, handtere uventa situasjonar og samtidig bidra til ro, tryggleik og stabilitet for bebuarane.
ArbeidsoppgåverGje trygg og fagleg forsvarleg oppfølging av tenestemottakarane gjennom natta.Utføre direkte miljøarbeid og handtere uventa situasjonar på ein roleg, trygg og profesjonell måte.Ha ansvar for legemiddelhandtering i tråd med gjeldande rutinar, prosedyrar og delegasjon.Følgje opp vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.Bidra aktivt til god kvalitet i tenestene og kontinuerleg fagleg utvikling.Observere og vurdere endringar i tilstanden og behova til tenestemottakarane, og setje i verk nødvendige tiltak.Dokumentere relevante observasjonar, tiltak og hendingar i Profil.Bidra til godt samarbeid og god informasjonsflyt med kollegaer og andre relevante samarbeidspartar.
KvalifikasjonskravAutorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.Pleiemedhjelparar kan søkje. Søkjarar utan relevant fagutdanning kan bli vurderte dersom det ikkje finst kvalifiserte søkjarar med relevant fagutdanning.Gode norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg.Førarkort klasse B.
Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og/eller annan relevant erfaring frå helse- og omsorgstenesta er ein føremon.
Kven ser vi etter?Hos oss får du moglegheit til å bruke fagkompetansen din til å skape tryggleik, meistring og gode dagar – også gjennom natta. Vi ser etter deg som møter bebuarane med respekt, varme og fagleg tryggleik.
Vi ønskjer oss deg som:
har evne til å gjere gode faglege vurderingar og utøve fagleg skjønner engasjert, fleksibel og trygg i møte med ulike behov og situasjonarhar erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, somatiske helseutfordringar og åtferd som kan vere utfordrandehar høg etisk bevisstheit og evne til kritisk refleksjoner trygg på å arbeide sjølvstendig, tek ansvar og ser kva som må gjeraster roleg og løysingsorientert når uventa situasjonar oppstårbidreg til eit godt arbeidsmiljø og ser verdien av godt samarbeidønskjer å gjere ein positiv forskjell i livet til andre menneskeser ressursane og behova til den enkelte bebuaren og ønskjer å bidra til tryggleik, meistring og livskvalitet
Vi tilbyr
Årsturnus med langvakter i arbeidshelgene og arbeid kvar fjerde helgInteressante faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljøÅrsturnus i 2027Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverkGod pensjonsordning i KLPHeim til AustrheimVi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg
This listing is from NAV. View original listing ↗