Forskar ved Centre for Cancer Biomarkers CCBIO ved Klinisk institutt 1
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar Ved Det medisinske fakultet, Centre For Cancer Biomakrers CCBIO ved Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «When breast cancer hits a nerve - Neural involvement as a hallmark of tumor
progression». Prosjektet har ei førebels finansiering i 3 år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåverForskaren vil vere ein del av eit Forskingsrådsfinansiert prosjekt med tittelen “When
breast cancer hits a nerve - Neural involvement as a hallmark of tumor progression”.Prosjektet har som mål å identifisere nye enkeltcelle- og proteomikkbiomarkørar som
speglar kompleksiteten i svulsten, gjennom samspel mellom kreftceller og
omkringliggjande celler, og rolla til tumormikromiljøet i sjukdomsutviklinga.Prosjektet er retta mot svulstprogresjon, hypoksi, utskilde protein, signal frå kreftceller
til tumormikromiljøet og enkeltcelledata-analysar frå ulike omics-teknologiar innan
brystkreft.Stillinga vil ha hovudfokus på enkeltcelleprofilering og berekningsbasert analyse av
enkeltcelle omics-data, inkludert imaging mass cytometry (IMC, Hyperion-plattforma).Målet med stillinga er å vidareutvikle prosjektet sitt bioinformatikkarbeid på mest
mogleg effektiv måte, utan forseinkingar grunna metodeopplæring,
kompetanseutvikling eller behov for innlesing i prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskaparSøkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad innan
bioinformatikk eller berekningsbiologiSøkjar må ha erfaring med databehandling og analyse knytt til romleg
enkeltcelleanalytisk teknologi ved bruk av imaging mass cytometry-metoden
(Hyperion Imaging System).Det er krav om erfaring med analyse av enkeltcelle omics-data (hovudsakleg IMC) og
proteomikk, inkludert visualisering.Søkjar må ha sterk forskingsbakgrunn innan kreftbioinformatikk, dataanalyse og
utvikling av bioinformatisk programvare.Følgjande bioinformatiske erfaringar og ferdigheiter er påkrevde:God kompetanse i programmering i R og Python for analyse av IMC-data, med
ekspertise innan romleg analyse og punktprosessar ved bruk av verktøy som
spatstat.Solid erfaring med datavisualisering og statistisk analyse for å tolke komplekse IMC-
datasett og forstå cellespesifikke interaksjonar.Erfaring med cellesegmentering, fenotyping og nærleiksanalyse for å studere den
romlege organiseringa av celler i vev.Erfaring med dimensjonsreduksjon og maskinlæring for mønstergjenkjenning i
støyande biologiske data.Tidlegare erfaring frå liknande prosjekt ved UiB og Haukeland Universitetsjukehus er
sterkt ønskjeleg.Erfaring med bruk av kunstig intelligens i biomarkøroppdaging er ønskjeleg.Erfaring med statistisk analyse av pasientdata og overlevingsanalyse er eit krav.Kunnskap om offentleg tilgjengelege databasar frå nettbaserte ressursar
(METABRIC, TCGA, CCLE o.l.) er eit krav.Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forskingSøkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelskDet er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeidPersonlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilbyEit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan biomarkørar for kreft.Løn for tida kr 690 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 710 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehaldeEit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denneEi oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desseDoktorgradsavhandlinga (i PDF-format)To referansar (namn og kontaktinformasjon)Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskarForskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunderLønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiertForskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, tilbåde seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelderForskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren ogforskingsgruppa rundt forskaren arbeider medInstituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjektForskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiBForskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda iforskingsgruppaForskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykkGrunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.
Generell informasjonNærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til CCBIOs senterleiar Lars A. Akslen, e-mail: lars.akslen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
This listing is from nav. View original listing ↗