via NAV · 8 September 2026 ·11 days ago

Fengselsførstebetjent Bjørgvin fengsel, Ungdomseining Vest

Bjørgvin fengsel
Breistein Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Om stillingaBjørgvin fengsel Ungdomseininga, søkjer 1 fengselsførstebetjent til fast stilling. Oppstart etter avtale.

Stillinga er for tida plassert på Ungdomseininga Vest og er i todelt turnus med helg.

Stillingane vil innebere tett samarbeid med operativ leiing på Bjørgvin fengsel, open avdeling. 

Ein fengselsførstebetjent med ansvar for operativ arbeidsleiing skal ha evne til å utføre dagleg arbeidsleiing, planlegging og organisering av arbeidet innanfor eit definert arbeidsområde.

Kriminalomsorga region vest har etablert eit sonings- og varetektstilbod, som ein omsorgsbase, til born under 18 år i Bjørgvin fengsel. Tilbodet byggjer på eit tverretatleg samarbeid og tar sikte på eit intensivt endringsarbeid.
Eininga samarbeider med ulike etatar som barnevern, psykisk helsevern, utdanning/opplæring og kommunal tenesteyting. I kraft av å vere ei nasjonal ungdomseining, kjem det ungdomar i alderen 15-18 år frå heile landet. 

Arbeidsoppgåverdagleg arbeidsleiing av fengselsbetjenter og miljøterapeuter i turnussakshandsamingplanlegge og organisere arbeidet innan arbeidsområdet oppfølging av team og tverrfaglege møterpersonalansvar og sjukefråværsoppfølgingHMS, (Avviksbehandling i KIKS, personaloppfølging, fokus på arbeidsmiljø tiltak, planlegge/gjennomføre øvelser)rapportering til inspektørsikre forsvarleg drift i henhold til overordna føringar, lov- og regelverkfølgja opp tryggingsmessige og miljøterapeutisk tilnærming på avdelingDen som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.

Utdanning

og erfaringDu må ha

bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS interesse for endringsarbeid med born og ungegod muntleg og skriftleg fremstillingsevne gode kommunikasjonseigenskapergod kunnskap og erfaring i bruk av IKT - systemer eller verktøy førarkort klasse B Det er ein fordel om du har

relevant erfaring innan fagfeltet med barn og unge i fengsel eller institusjonerfaring innan operativ leiing med vekt på operativ teneste og sikkerhetsarbeiderfaring frå tverretatleg samarbeidrelevant vidareutdanning utover fengselsbetjentutdanning, eller leiar erfaringerfaring frå risikovurderingar og risikobasert tilnærming.
Personlege eigenskapargode leiaregenskaper med evne til å motivere og inspirere dei tilsettegode samarbeidsevner evne til å arbeide analytisk og strukturert god rolle- og systemforståing og evne til å tenke heilheitleg resultatorientert god stressmeistringsevne personleg eignaheit vil verta særleg vektlagthøgt fokus på fag, omsorg og sikkerhetsarbeidinteresse for å «skreddersy» straffegjennomføringa for den einskilde ungdom ved eininga
Vi tilbyrmeiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdraggode pensjons-, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasseparkering med ladepunkttreningsrom for ansatteregelmessig rettleiing, og påfyll av kompetanseeit spennande fagfelt med tverretatleg samarbeidstillinga vert lønt som 0265 fengselsførstebetjent, med årslønn på mellom kr. 615.000-750.000 pr år avhengig av kompetanse og erfraring. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjonKriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Kvinner blir oppmoda til å søkja, og vil gi større mangfald i leiargruppa.

Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. 

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 
 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til til inspektør Arne M. Hægland tlf. 55 25 12 84.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

The market for this type of role

Similar openings
4,217
Norway
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Breistein?
Currently 4,217 roles in Breistein on AlmostHired, across 1,405 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.