Farmasøyt
Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH) leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Fonna, og er eit stort apotek med omlag 40 tilsette. Sjukehusapoteket har fem operative avdelingar: Produksjonsavdeling, publikumsapotek, sjukehusekspedisjon, avdeling for farmasøytiske tenester og eit regionalt pakkeanlegg for eindose. Sjukehusapotekt i Haugesund leverer også tenester til Stord sjukehus og nokon medarbeidarar har arbeidsstad der nokre dager i veka.
Vi søkjer no etter ein farmasøyt til eit vikariat. Som farmasøyt hos oss bidreg du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng, og at dei brukar dei på rett måte. Stillinga er spennande og fagleg utfordrande, og vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og gode kollegaer. Avdelingane våre samarbeider tett, og du får sjansen til – og kan forvente – å arbeide i fleire av dei.
Det er ønskjeleg med oppstart 1. september 2026, eller etter avtale, og vikariatet varer ut august 2027.
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om du lurer på noko!
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling ein jobbar i, det kan vere mellom anna:
kundeservice, medisinstart, vaksinering og veiledning av kunder og pasienter produksjon og kontroll av eindosepakka legemidlarklinisk arbeid på post, til dømes legemiddelsamstemming, legemiddelgjennomgang, undervisning og pasientsamtalarvareflyt, logistikk og rettleiing av helsepersonellproduksjon og kontroll av cytostatika og andre tilsetningsproduktAndre oppgåver kan også tilfalle stillinga ved behov.
KvalifikasjonarDu har norsk autorisasjon som farmasøyt.Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna.Du har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.Du har gode IKT-kunnskapar.Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er ansvarsfull, tilpassar deg ulike oppgåver og arbeider nøyaktig med stor merksemd på kvalitet.Du trivst i eit hektisk miljø og handterer travle periodar godt.Du set pris på å bygge gode relasjonar og samarbeid på tvers av fagområda, samtidig som du arbeider sjølvstendig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.I tillegg har du interesse for å bruke digitale verktøy i det daglege arbeidet.Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.Vi tilbyrStilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse.Fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom varierte arbeidsoppåver, opplæring og kompetansebygging.Eit arbeidsmiljø der vi ønskjer god takhøgd og rom for latter og humor.Du får sjølvsagt løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMaria Birgitte Rossebø Areklett, Sjukehusapoteker, +47 93401870
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest
Referansenr.: 5140011903
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 17.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗