via nav · 28 May 2026 ·9 days ago

Familieterapeut / Psykologspesialist

Bufetat
Bergen Full-time
331 more jobs in Bergen.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Om stillinga og arbeidsstadenBergen og omland familiekontor planlegg å utvide med 2, med mogelegheit  for 3, nye faste stillingar i 100%. Vi søkjer deg som er familieterapeut eller psykolog/psykologspesialist med interesse og erfaring fra familiearbeid. Vi har stor pågang til vårt kontor og du vil verta ein del av eit dyktig og drivande fagmiljø som er opptatt av vårt viktige samfunnsoppdrag. Vi vil tidlig inn og bidra til at born og vaksne i familiar får hjelp i krevjande relasjonelle prosessar. 

Vi treng fleire menn i kollegagruppa vår, og oppmodar menn til å søkje. 

Bergen og omland familiekontor har lokasjonar i Bergen, på Stord, og i Odda, med utekontor på Voss, i Kvam og på Husnes. Arbeidsstad for stillingane vi no lyser ut vil vere i Bergen. 

Kontoret har til saman omlag 40 tilsette med utdanning som familieterapeutar, psykologar/psykologspesialistar, og tilsette med kontorfagleg kompetanse. Familievernet gir tilbod til familiar, par og born som sjølv oppsøkjer tenesta med ulike typar relasjonelle problem. Tenestetilbodet vårt består av familie- og parterapi, gruppeaktivitet, kurs, tilsyn v/samvær og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje lenger bur saman. I familievernet utfører vi og ei viktig oppgåve med lovpålagt mekling mellom foreldre, med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for born etter samlivsbrot.

Familievernet i Noreg er i utvikling, og eit satsingsområde er å auke born si medverknad i eige liv gjennom familievernet sitt tenestetilbod.

I familievernet vil du arbeide med:terapi, rådgjevning og rettleiing til familiar og par med samlivs- og relasjonsvanskarå auke borns medverknad gjennom familiesamtalar og samtalar med born/ungdommekling for foreldre etter ekteskaps- og barnelovakurs og grupper for vaksne og bornsamvær med støtta tilsynutadretta og førebyggjande arbeidintern fagutvikling i samarbeid med kollegaeradministrative/andre oppgåver knytta til drift av kontoret
Kva bakgrunn har du?Bachelor i sosialt arbeid / barnevernspedagog, evt. anna sosialfaglig utdanning, med vidareutdanning i familieterapi, 60 stp., eller Profesjonsutdanning i psykologi og godkjenning som psykolog/ psykologspesialist.Du har helst nokre års erfaring frå arbeid som terapeut eller rådgjevar for born og familiar etter utdanninga.Du kan vise til gode kliniske ferdigheitar.Gode IKT-kompetanse, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskaparevne til å møte menneske i vanskelege livssituasjonar med trygghet, ro og respektgod evne til kontakt med andreynskje om å utvikle deg og dine ferdigheitar som terapeutinteresse for og evne til å møte nye faglege utfordringarevne til å arbeida både sjølvstendig og i teamevne til å setje mål og struktur i arbeidet dittgod og jevn arbeidskapasitet, og evne til fleksibilitetlett tilgang til latter og godt humørPersonlege eigenskapar og samansetning av personalgruppa vil bli vektlagt.

Kva får du hos oss?Stillinga som familieterapeut er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog og 1364 seniorrådgjevar,  med løn p.t. kr 650 000 - 730 000 pr år. Stilling som psykolog/psykologspesialist er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 psykolog, p.t. kr  690 000 - 750 000 pr. år,  stillingskode 0795 spesialpsykolog, p.t. kr 750 000 - 850 000 pr. år, eller stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850 000 - 930 000 pr. år. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan vurderast ved særs gode kvalifikasjonar. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskudd.Vi kan også tilby:

Løyve til å trene ein time pr. veke i arbeidstida utanfor tida til konsultasjonar.Fleksibel arbeidstid innafor bestemte rammer.Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø.Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit endå betre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv .Tilrettelegging for vidare utdanning etter avtale.
Opplysningar til deg som søkjarVi søkjer etter dei beste hovuda og hjarta uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.Stillinga er for tida lagd til Bergen og omland familiekontor, lokasjon Bergen. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. 

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. 

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

The market for this type of role

Similar openings
331
jobs in Bergen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Bufetat

16 open positions · Alta, Bergen, Borkenes, Bønes, Fyllingsdalen +9

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bergen?
Currently 331 roles in Bergen on AlmostHired, across 110 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.