Familieterapeut 100% vikariat - prosjektet Skreddarsaum
Vil du vere med å gi barn, unge og familiar rett hjelp til rett tid?
Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og relasjonssterk familieterapeut i eit 100 % vikariat frå november 2026 til august 2027. Stillinga er knytt til prosjektet Skreddarsaum og organisert i avdeling Familiestøtte i Eining Barn og familie.
Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å arbeide tett på familiar, vere ein del av eit tverrfagleg fagmiljø og bidra til utvikling av nye og fleksible tenester for barn og unge.
Om eininga
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor Oppvekst. Eininga består av seks avdelingar: Barnevern, Helsestasjon, PPT, Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak for barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.
Om prosjektet Skreddarsaum
Kvinnherad kommune har fått prosjektmidlar til prosjektet Skreddarsaum. Prosjektet har eit heilskapleg fokus på medverknad, positiv utvikling og tverrfagleg samarbeid rundt familiar med samansette utfordringar, der barn og unge har høgt skulefråvær.
Prosjektet er ein del av familieteamet i Familiestøtte og samarbeider tett med:
PPT, Barnevern, Helsestasjon, Barnehagar, Barne- og ungdomsskular, NAV, Rus og psykisk helse, BUP og andre aktuelle samarbeidspartnarar
Som familieterapeut vil du arbeide tett saman med prosjektleiar og prosjektgruppa for å sikre god oppfølging av familiar og utvikle gode rutinar for prosjektet.
Arbeidsoppgåver
Som familieterapeut vil du:
planleggje og koordinere tiltak i samarbeid med prosjektleiarfølgje opp familiar som deltek i prosjektetgjennomføre samtalar, rettleiing og miljøterapeutisk arbeidarbeide praktisk og tett saman med familiar i deira heim og nærmiljøstøtte foreldre i å finne løysingar som fremjar meistring, trivsel og deltaking i kvardagenbidra til at barn og unge får auka nærvær i skule og aktivitetarsamarbeide med aktuelle faginstansar og samarbeidspartnarardokumentere, evaluere og rapportere tiltakbidra i utviklinga av prosjektet og tenestene rundt familiarVed ledig kapasitet kan andre relevante arbeidsoppgåver bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
3-årig relevant høgskuleutdanning innan sosialfaglege fagområderelevant erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar Det er ønskjeleg med:
vidareutdanning innan familieterapi, rettleiingsmetodikk, psykisk helsearbeid eller tilsvarandeerfaring frå terapeutisk endringsarbeiderfaring med miljøterapeutisk arbeid i familiar sitt heimemiljøerfaring frå tverrfagleg samarbeidPersonlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personleg eignaheit, og at du:
byggjer lett gode relasjonarhar evne til å støtte og motivere til endringkommuniserer godt med både barn, ungdom og vaksnearbeider sjølvstendig, målretta og strukturerttrivst med samarbeid på tvers av fagområdeer fleksibel og løysingsorienterthandterer høgt arbeidspress i periodarser moglegheiter framfor avgrensingarhar gode digitale ferdigheiterhar god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskDet er krav om førarkort klasse B.
Me tilbyr
eit spennande og meiningsfullt arbeid med barn, unge og familiarmoglegheit til å vere med på utvikling av nye arbeidsformer og tenestereit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeidtett samarbeid med ulike faggrupper i kommunenløn etter gjeldande avtaleverkpensjonsordning og forsikringsordningar gjennom KLPgode arbeidsvilkår og eit inkluderande arbeidsmiljødekning av flytteutgifter etter gjeldande reglargratis SFO og søskenmoderasjon i barnehageDet må påreknast noko ettermiddags- og helgearbeid ved behov.
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding i samsvar med gjeldande lovverk.
Vil du vere med å skape varige endringar for barn, unge og familiar i Kvinnherad?
Me gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from NAV. View original listing ↗