via nav · 26 May 2026 ·11 days ago

Fagkonsulent (undervisningsassistent) ved Institutt for politikk og forvaltning

Universitetet i Bergen
Bergen
331 more jobs in Bergen.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFagkonsulentVed Universitetet i Bergen, Institutt for politikk og forvaltning, er det ledig ei 100 % stilling som fagkonsulent (undervisningsassistent) frå 1. august 2026 til 31. juli 2027.

Arbeidsoppgåver:Den som vert tilsett, skal bidra til undervisning, fagleg oppfølging av studentar og støtte instituttet sitt kommunikasjons- og rekrutteringsarbeid.

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

Vere undervisningsassistent for emne på 100-nivå i haust- og vårsemesteretLeie seminargrupper og gje tilbakemelding på obligatoriske oppgåverBidra til planlegging og gjennomføring av rekrutteringstiltak og studentretta aktivitetarDelta aktivt i instituttet sitt kommunikasjonsarbeid, mellom anna med ansvar for sosiale mediumProdusere og publisere innhald på digitale plattformer og synleggjere instituttet sitt utdanningstilbod, fagmiljø og aktivitetarUtføre administrative og praktiske oppgåver ved behov, særleg i periodar med mindre undervisningsaktivitet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:Vi søkjer ein kandidat som har:

Mastergrad innan politikk og forvaltning, statsvitskap eller tilsvarande relevant fagområde. Graden må vere fullført innan tiltreding. Søkjer må ha oppnådd mastergrad innan dei siste tre åra.   God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelskGod digital kompetanse; erfaring med administrative IT-verktøy er ein fordelInteresse for formidling og erfaring med kommunikasjonsarbeid og sosiale mediumUndervisnings- eller formidlingserfaring er ein fordelVi legg òg vekt på at du:

Arbeider systematisk, sjølvstendig og målrettaHar gode samarbeids- og kommunikasjonsevnerEr fleksibel, initiativrik og ansvarsmedvitenTrivst med å arbeide med studentarHar engasjement for fagfeltet og instituttet si verksemdSøknaden skal innehalde

Søknad med CV, vitnemål og relevante attestar skal sendast elektronisk via JobbNorge. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Søknadsfrist: 10. juni 2026

Vi tilbyr:Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljøGode moglegheiter for fagleg og personleg utviklingEit inkluderande og engasjert arbeidsmiljøÅrsløn tilsvarande NOK 519 400 (stillingskode 0389 - Fagkonsulent). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgareMedlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar
Generell informasjon:Arbeidsstaden vil i hovudsak vere ved instituttet sine lokale på universitetscampusen i Bergen. Den som får stillinga, må difor rekne med Bergen som arbeidsstad.

Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte instituttleiar Anne Lise Fimreite
E-post: anne.fimreite@uib.no 
Telefon: 900 83 619

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

The market for this type of role

Similar openings
331
jobs in Bergen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Universitetet i Bergen

11 open positions · Bergen

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bergen?
Currently 331 roles in Bergen on AlmostHired, across 110 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.