Fagarbeidar/assistent Åheim barnehage- inntil 50% midlertidig stilling
Åheim barnehage lyser ut inntil 50% midlertidig stilling som fagarbeidar/assistent for barnehageåret 2026/27.
ArbeidsoppgåverArbeid med barn i alder 0-6 år (i høve stillingsinstruks)
Kvalifikasjonar- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Alternativt kan relevant erfaring eller annan utdanning kompensere.
- Erfaring frå barnehage, arbeid ein til ein med barn og erfaring med ASK (alternativ supplerande kommunikasjon) er ynskjeleg.
- Må kunne kommunisere godt på norsk
- Dersom ein har anna morsmål enn norsk og svensk , må ein ha bestått språkkrav:
- A2 i skriftleg norsk
- B1 i lesing og munnleg kommunikasjon
- fleksibel, omgjengeleg og serviceinnstilt
- sjølvstendig, målretta og strukturert
- positivt menneskesyn
- gå godt i lag med barn
Vi tilbyrLønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
God pensjonsordning.
I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse ved gode relasjonar og med mål om å meistre eige liv. Vi ynskjer tilsette med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse og evne til å vere med å skape ein felles barnehagesektor i utvikling.
Viser til Vanylven kommune sin lønspolitiske plan.
KontaktinformasjonTove Ekremsæter, Styrar Åheim barnehage, 91719006, tove.ekremsaeter@vanylven.kommune.no
Eli Tefre Nordal, Ass.kommunedirektør, 41424805, eli.tefre.nordal@vanylven.kommune.no
Janne Kristin Torvanger, Skulefagleg ansvarleg, +47 45257521
ArbeidsstadFv61 60
6146 Åheim
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommune
Referansenr.: 5123819541
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 07.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗