Er du helsefagarbeidar som trivst med varierte arbeidsdagar og pasientar i ulike aldrar?
Om stillingaKorttidsavdelinga tek imot pasientar i alle aldrar som er i ein overgangsfase, til dømes etter sjukehusopphald, ved behov for tett oppfølging over ein avgrensa periode, eller før retur til eigen heim eller vidare til andre kommunale tenester som langtidsplass i institusjon. Avdelinga tek også imot pasientar med behov for lindrande behandling og palliativ oppfølging.
Det er fast tilsette sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i avdelinga. Dei arbeider tett saman med sjukepleiarteamet, sjukeheimslegen og ergo- og fysioavdelinga, og samarbeider med heimetenesta om pasientar som er felles brukarar av kommunale helsetenester.
Stillinga er ledig frå 05.08.2026 og gir høve til ein spennande og variert arbeidskvardag.
Turnus med arbeid kvar tredje helg
Kven søkjer vi etter?Vi søkjer etter deg som trivst i lag med pasientar i ulike livsfasar!
Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevner. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer.
Om du er helsefagarbeidar som likar å arbeide med pasienter som er i ein overgangsfase er dette ei god stilling for deg!
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om du lurar på noko!
Vi tilbyr degEi spanande og gjevande stilling som helsefagarbeidar på korttidsavdelingaDu får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaerEit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarmeMoglegheit for fagleg utviklingMoglegheit til å påverke eigen arbeidsplan i planlegginga av årsturnus. Turnus med dag- og kveldsvakter. Arbeid kvar 3. helgMoglegheit for å lade el- bil mot avgiftGode pensjons- og forsikringsvilkår
ArbeidsoppgåverArbeid på korttidsavdelinga med pleie, personleg oppfølging og rehabilitering/habilitering av pasientaneOpplæring og utføring av diverse prosedyrer som er aktuelle på avdelingaDokumentasjon i journalsystemet ProfilTverrfagleg samarbeid med sjukeplaiarar, lege og ergo-/fysioavdelingaSamarbeid med heimetenesta om pasientar som skal heim og treng oppfølging
KvalifikasjonarMå ha autorisasjon som helsefagarbeiderHa evne til å gjera faglege vurderingar og gjennomføra desse og å utvise godt skjønn Vera opptatt av kvalitet og å halde deg fagleg oppdatert Om du får tilbod om stillig må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader Du er fleksibel, endringsvillig og løysingsorientertDu må ha gode samarbeidsevnerGode norskkunnskaper både munnleg og skriftlegSøkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.Å vera personleg eigna vil bli vektlagt
This listing is from nav. View original listing ↗