Er du god til å skape tryggleik og struktur?
Klinikken vår i Sogndal søkjer no ein tannhelsesekretær/assistent i eit eittårig vikariat i 100 % stillingHos oss blir du del av eit solid team med fire tannlegar, ein periodontist, to tannpleiarar og seks sekretærar. Vi tilbyr eit breitt spekter av tannhelsetenester og held høg fagleg kvalitet i alt vi gjer.
Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med godt samarbeid på tvers av faggrupper, og er stolte av å vere sertifisert som Great Place to Work.
Dette blir kvardagen din
Som tannhelsesekretær/assistent arbeider du tett på både behandlarar og pasientar, og får ei variert rolle som kombinerer klinisk og administrativt arbeid.
Du vil assistere i behandling, klargjere utstyr og behandlingsrom, ta røntgen og bidra i resepsjonen og pasientoppfølginga.
Den me søkjer:
Arbeider strukturert og tek ansvarEr serviceinnstilt og set pasienten førstTrivst i ein variert og til tider hektisk kvardagKommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftlegBidreg positivt i arbeidsmiljøetDet er ein fordel om du har:
Utdanning/autorisasjon som tannhelsesekretærErfaring frå tannhelse eller annan helseverksemdHar du ikkje erfaring frå tannhelse, men er motivert og lærevillig? Då oppmodar vi deg likevel til å søkje.
Hos oss får du:
Trygg arbeidsplass i eit solid selskapGrundig opplæring og tett oppfølgingEit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø UtviklingsmoglegheiterLønn etter tariffOppstart vil vere 1. oktober, men det vil også vere mogleg å tiltre på eit tidlegare tidspunkt.
Klar for å søkje?
Søknader vert fortløpande behandla.
For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Grete Helene Eikenæs telefonnummer 41447090 eller e-post: grete.eikenaes@colosseum.no.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
This listing is from nav. View original listing ↗