Er du ein dyktig industrimekanikar og har ei interesse innan skipsbygging?
Ulstein Verft søker deg som har interesse for skipsbygging og skipsoppgradering, og som gjerne tek på deg ei utfordring. Arbeidsoppgåvene vil variere, og du vil bli ein del av eit dyktig fagmiljø.
Intervju vil bli gjennomført fortløpande.
Oppgåver du vil arbeide medArbeidsoppgåvene kan blant anna innebere:
Bruk av tyngre bearbeidingsutstyr som brennemaskin, valse, knekke, sager, m.mMontering og sveising av ulike typar dekkutrusting som kraner og vinsjarBygging, sveising og montering av fundamentBygging, sveising og montering av større stålkonstruksjonarReparasjon og vedlikehald av fartøy Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettareDet er ønskeleg med relevant fagbrev, som t.d. industrimekanikar, sveisar eller platearbeidar.
Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.Kvifor velje Ulstein som arbeidsplassUlstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. I hjartet av SunnmøreOm du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring ifrå Ulsteinvik. KontaktinformasjonPer Oskar Solhaug, Arbeidsleiar, Utrustning, 47645355, per.solhaug@ulstein.com
Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013
ArbeidsstadOsnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 5137196937
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗