Driftsleiar
Spennande leiarstilling i Sunnfjord!
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
Er du ein erfaren leiar som likar vekslinga mellom praktisk og administrativt arbeid? Som er løysingsorientert og god på samhandling? Som ser verdien av å forvalte tradisjonsrike kyrkjebygg og minnesterke gravplassar til beste for folk? Då er du den vi ser etter; Sunnfjord kyrkjelege fellesråd har ledig 100% stilling som driftsleiar.Du får ansvar for tilsette som har sitt daglege arbeid knytt dei 14 gravplassane. I tillegg har driftsleiar eit overordna ansvar for drift og vedlikehald av 10 kyrkjer.
Kyrkjegarden og kyrkjene betyr mykje for folk i Sunnfjord, her samlast vi i både sorg og glede. Fellesrådet ønskjer at både gravplassane og kyrkjene framstår velstelte, at forvaltninga er profesjonell og effektiv og at tilsette har gode rammer for sitt arbeid.
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd ligg i Sunnfjord prosti og svarar geografisk til Sunnfjord kommune. Folketalet i kommunen er på rundt 22.000. Den totale staben i Sunnfjordkyrkja tel rundt 40 tilsette. Kontorstaden er i Førde, arbeidsområde til driftsleiar omfattar heile kommunen. Driftsleiar blir del av leiargruppa, og er stedfortredar i kyrkjeverja sitt fråvær.
Arbeidsoppgåver
Leie og koordinere arbeidet knytt til gravplassdriftaPersonalansvar for kyrkjegardsarbeidarar og kyrkjetenararOverordna ansvar for drift og vedlikehald av bygg og anleggOverordna ansvar for innkjøp og vedlikehald av utstyr
Kvalifikasjonar
Minimum 3-årig universitets- eller høgskuleutdanning (bachelor e.l.) Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell fagleg utdanningErfaring frå personalleiing vert vektlagtErfaring frå drift og vedlikehald av bygg, anlegg og utstyr er ein fordelSøkjar må ha førarkort for bil (gjerne BE)Kjennskap til Den norske kyrkja, og gravplassforvaltning spesielt, er ein fordelKrav om medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
Lagbyggar som skaper gode relasjonar mellom tilsetteGode evner til kommunikasjon og samarbeidLikar å arbeide målretta, systematisk og planmessigVere fleksibel og kunna møta utfordringar
Vi tilbyr
Du blir del av ein engasjert stab med både erfaring og kunnskapVariert og meiningsfull arbeidskvardagLøn i samsvar med avtaleverket i KA sitt tariffområdeGode pensjons – og forsikringsordningar i høvesvis KLP og Knif
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
This listing is from nav. View original listing ↗