Driftsansvarleg deltid – Haugetuft Apartments, Åmot
Haugetuft Apartments er eit nytt leilighetshotell like ved Åmot sentrum, med 9 bustader som blir leigde ut til kort- og langtidsopphald gjennom heile året.
Vi søkjer ein person som kan ta ansvar for den daglege drifta.
Hva vi ser etter
Rolla passar for deg som ønskjer ei sjølvstendig deltidsstilling med ansvar og fleksibilitet, og som trivst med både menneske og praktiske oppgåver.
Er strukturert, sjølvstendig og påliteleg.
Trivst med ansvar og tek initiativ.
Er komfortabel med kundekontakt.
Bur i rimeleg nærleik til Åmot.
Arbeidsoppgaver
Handtere bookingar og gjestekommunikasjon på telefon, SMS og e-post.
Følgje opp innsjekk og utsjekk.
Koordinere reinhald og sikre at leilegheitene er klare til nye gjester.
Ha løpande oversikt over drift og behov på eigedomen.
Følgje opp enkle praktiske oppgåver og vedlikehald ved behov.
Rolla inneber å vera tilgjengeleg for gjester ved behov.
Vi tilbyr
Løn etter avtale.
Ei sjølvstendig rolle med mykje ansvar og stor fleksibilitet i kvardagen.
Praktisk erfaring med drift av leilighetshotell og korttidsutleige.
Moglegheit til å lære bookingplattformar, gjestekommunikasjon og digital drift.
Variert arbeid der ingen dagar er heilt like.
Tett samarbeid med eigar og moglegheit til å påverke drifta direkte.
Erfaring innan service, koordinering og eigedomsdrift som er nyttig vidare i arbeidslivet.
Fleksibel deltidsjobb som kan kombinerast med studiar eller annan jobb.
Moglegheit for meir ansvar og utvida rolle over tid for den rette personen.
Eit lite og uformelt arbeidsmiljø med korte avgjerder og høg tillit.
Innsikt i korleis moderne utleige og gjestedrift fungerer i praksis.
This listing is from nav. View original listing ↗