via nav · 26 May 2026 ·11 days ago

Deltidsekspeditør

Vinmonopolet
Stavanger
173 more jobs in Stavanger.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du bli ein del av Noregs beste faghandel?I butikken vår i Stavanger Hinna er vi eit team med dyktige ekspeditørar som kvar dag jobbar for å sikre det beste kundemøtet. Vi søkjer ein serviceorientert, blid og engasjert kollega til å utfylle teamet vårt – er dette deg?

Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 14 timar i gjennomsnitt per veke. Saman med kollegaene dine skaper du gode kundeopplevingar, og de jobbar best saman som lag!

Kva kan vi tilby deg?

Vi er først og fremst hyggjelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.

Dyktige og engasjerte kollegaerEit hyggjeleg og inkluderande arbeidsmiljøGrundig opplæring som gir unik kompetanse innanfor faget vårt, og jamleg varefagleg oppdateringBli ein del av ein raus og inspirerande delingskulturBli ein del av ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, og som har berekraft høgt på dagsordenenGode lønns- og arbeidsvilkår og medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gode forsikringsordningar 

 

Arbeidsoppgåvene dine vil vere:

Skape det beste kundemøtet ved å gi kunderettleiing om produkta våreSikre ansvarleg sal ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar, og førebyggje langingKassearbeid og handtering av pengarRutinar og aktivitetar i samband med varehandteringAnna førefallande butikkarbeidVere ansvarleg for butikken i leiarens fråværHalda varefaglege prøvingar og kurs for butikken 

Personlege eigenskapar:

Du er blid og serviceinnstiltDu brenn for å gi det beste kundemøtetDu er engasjert, fleksibel og løysingsorientertDu evnar å sjå, lytte og forstå behova til ulike menneskeSom person er du ein lagspelar og jobbar godt i teamSom tilsett hos oss identifiserer du deg med verdiane våre: raus, solid og dynamisk 

Kvalifikasjoner:

For å jobbe hos oss må du ha fylt 20 år og ha gode norskkunnskaparDu bør ha fullført treårig vidaregåande opplæring (eller tilsvarande)Erfaring frå servicebransjen og/eller varefaghandelDet er ein fordel om du har interesse for mat og drikkeDet vil bli vektlagt om du har kjennskap til butikken vår i Stavnger HinnaDet er ønskjeleg at du har god digital kompetanse
 (Ved intern rekruttering kan det bli ledig ein mindre stillingsbrøk. Aktuelle søkjarar blir bedne om å opplyse om dei også er interesserte i ein mindre stillingsbrøk.)
 

Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Gloria Nikova på tlf. 99461277 eller e-post gloria.nikova@vinmonopolet.no viss du har spørsmål om stillinga.

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.

Søknadsfrist: 18.06.2026
 

I Vinmonopolet har vi eit sterkt fokus på samfunnsansvar og ansvarleg sal av alkohol. Vi er medvitne om å skape ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn.

Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.

Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern 
(https://www.vinmonopolet.no/personvern)

The market for this type of role

Similar openings
173
jobs in Stavanger
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Vinmonopolet

3 open positions · Bodø, Leknes, Stavanger

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Stavanger?
Currently 173 roles in Stavanger on AlmostHired, across 57 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.