Controller med driftsoppgåver
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som controller med tilleggsoppgåver innan drift ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde. Vår noverande controller skal pensjonere seg, og vi ser etter ein erstattar som kan vere med å vidareutvikle økonomi- og verksemdsstyringa i verksemda.
Om lag halvparten av av stillinga vil vere knytt til controlleroppgåver som økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering og styringsinformasjon. Resterande del av stillinga vil omfatte drifts-, stabs- og utviklingsoppgåver, mellom anna innan eigedomsforvaltning, organisasjonsutvikling (HR), internkontroll og andre område etter verksemda sine behov.
Du vil inngå og bidra i nasjonale fagnettverk saman med andre hjelpemiddelsentralar, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og erfaringsutveksling.
Har du høgare utdanning og erfaring innan økonomi, og interesse for statistikk, analyse og styringsinformasjon? Er du oppteken av kvalitet, struktur og kontinuerleg forbetring? Då kan dette vere stillinga for deg.
Om Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er lokalisert i Førde og er organisert i to avdelingar med 36 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling og forvaltning av tekniske hjelpemiddel i Sogn og Fjordane.
Vi hjelper kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgiving, rettleiing, kurs og opplæring. Som ressurs- og kompetansesenter arbeider vi tverrfagleg og har spesialkompetanse innan tilrettelegging på arenaer som heim, skule, arbeid og fritid. Vi har tilsette med ulik fagleg bakgrunn, eige lager, teknisk verkstad, gjenbrukstenester og ambulerande tekniske tenester som bidreg til at menneske med funksjonsnedsetjingar kan leve aktive og sjølvstendige liv.
Om Nav hjelpemiddel og tilrettelegging
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging, som består av om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar over heile landet.
Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsetjingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking. Gjennom tett tverrfagleg samarbeid bistår vi brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar med rådgiving, opplæring og tilrettelegging som gjer kvardagen enklare for mange menneske.
Arbeidsoppgåver
Bidra til økonomistyring, budsjettoppfølging, analysearbeid og utarbeiding av styringsinformasjonUtarbeide rapportar og grunnlag for leiaravgjerdFølgje opp eigedomsrelaterte oppgåver og koordinere driftsaktivitetarDrive utviklings- og forbetringsarbeid for å sikre gode arbeidsprosessar og effektiv ressursutnytting
Vere ein fagleg ressurs og rådgjevar for leiargruppa innan økonomi, HR, drift og verksemdsutviklingUtføre administrative og driftsrelaterte oppgåver etter behov
Nav hjelpemiddel og tilrettelegging er i utvikling, og vi arbeider aktivt for å styrkje samarbeid og ressursutnytting på tvers av hjelpemiddelsentralane. Dette kan føre til at arbeidsoppgåver og ansvarsområde blir justerte i tråd med framtidige behov.
KvalifikasjonarVi ser etter deg som har:
Bachelorgrad innan økonomi, administrasjon, rekneskap, revisjon eller tilsvarande relevant fagområde.God kompetanse på Excel og andre digitale verktøy.Godt norsk, både munnleg og skriftleg.
Det er ønskjeleg at du har:
Minst 2-3 års erfaring frå relevante arbeidsoppgåver innan økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering, internkontroll eller anna utviklings- og stabsarbeid
erfaring frå offentleg verksemdPersonlige eigenskaparVi ser etter deg som:
er strukturert og analytiskhar ein proaktiv arbeidsstil og evne til raskt å setje deg inn i nye arbeidsoppgåverer løysingsorientertarbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåverhar god verksemdsforståing og evne til å sjå heilskap og samanhengarhar gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til å byggje tillit og gode relasjonarPersonleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Om du blir tilsett hos oss, får du:Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver knytt til eit viktig samfunnsoppdragEngasjerte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljøFleksitidsordningMoglegheit for trening i arbeidstidaMoglegheit for ein fleksibel arbeidskvardag med hybride løysingarTilsetting som rådgjevar (stillingskode 1434) eller seniorrådgjevar (stillingskode 1364), avhengig av kvalifikasjonar og erfaringLøn frå kr 639000 til kr 694 000 per årGode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasseKontaktinformasjonBente Solheim, Controller , 40702814
Frode Hovland, Avdelingsdirektør, 48108828
ArbeidsstedSteinavegen 12
6800 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5163505905
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026
This listing is from NAV. View original listing ↗